Herold

Kommunen tek varsling på alvor

Plus
Kilde: Firda Author: Terje Heggheim, kommunedirektør i Sunnfjord kommune Published: 2025-12-11 09:00:13
Kommunen tek varsling på alvor

Terje Heggheim hevdar at kommunen følgde retningslinjene då dei handsama Monika Midttun Jensberg sitt varsel.

Varsling er ein viktig del av eit sunt og trygt arbeidsmiljø. Kommunen har ansvar for å sikre at tilsette som varslar om kritikkverdige forhold, blir tekne på alvor, får god oppfølging og ikkje risikerer gjengjelding. Det ansvaret tek vi på alvor og vi har gode varslingsrutinar. Alle som varslar skal vere trygge på det.

Mediekritikk

Når vi ser behovet for å understreke dette, så er det pga. ei varslingssak som Firda har omtala i seinare tid, ei sak som både er kompleks og som krev merksemd. Vi tolar kritikk. Det ligg både til rolla vår og tilliten til innbyggjarane. Men vi opplever at enkelte framstillingar i Firda ikkje gir eit rett og fullstendig bilde. Vi ønskjer difor å kome med nokre presiseringar, utan å dele teiepliktige detaljar og innhald.

Om varselet og oppfølginga

Varslingssaka som har vore omtala, vart handtert i tråd med kommunen sine rutinar.

Handsaminga av varselet følgde vanleg prosedyre, og vart ferdig handsama på halvannan månad. Alle involverte vart kalla inn til møter, og saka vart avslutta med eit møte der verneombodet og varslar sa seg nøgd med oppfølginga.

Dette stadfestar varslaren også i intervju med Firda. Det er difor feil å hevde at saka ikkje vart tatt på alvor. Eit punkt i handsaminga som burde vore betre, er at kommunen burde sendt ei skriftleg orientering om at saka var avslutta etter dette møtet. Vi har beklaga at vi ikkje gjorde det.

Ekstern kvalitetssikring

Vi bad ein ekstern advokat vurdere sakshandsaminga for å sikre kvalitet og for å lære til framtidige saker. Rapporten, som gir ein grundig gjennomgang av lovverk, forarbeid og praksis, konkluderer med at prosessen har vore forsvarleg. Dokumentasjonen er solid.

Når redaktøren slår fast at «Alle ser at kommunen skulle ha gripe inn for lenge sidan», er det å felle ein dom utan full oversikt over saka. At kommunen skulle ha gripe inn føresett at det objektivt vurdert har vore framferd som er krenkande og at framferda er uønskt. Det er ikkje dokumentert at det var slik åtferd eller at det var noko arbeidsgjevar kjende, eller burde kjend til.

Dei to andre sakene

Firda omtalar også to nye varsel som om dei gjeld same sak. Det gjer dei ikkje. Den eine gjaldt samarbeidsutfordringar og vart handtert av bedriftshelsetenesta, men vart ikkje vurdert som eit varsel. Det siste «varselet» var varsel om krav om oppreisningserstatning. Heller ikkje det fell inn under varslingsreglane i arbeidsmiljølova.

Val av verneombod og klage til Statsforvaltaren

Verneombod blir valt av dei tilsette. Arbeidsgjevar kan ikkje ta frå nokon slike verv.

Firda nemner klage til Statsforvaltaren, men ikkje at saka er ferdig handsama der. Tilbakemeldinga var at Arbeidstilsynet er rett instans i arbeidsmiljøsaker, og at Statsforvaltaren ikkje ville følgje opp vidare. Eg meiner Firda burde opplyse om heile bilete.

Journaloppslag og filmopptak

Kommunen følgjer opp dersom det har blitt gjort journaloppslag i barnevernsaker av andre enn dei som handsamar saka. Dersom det viser seg at oppslag er gjort i ein tenestleg samanheng, er det ikkje grunnlag for vidare undersøkingar eller politimelding.

Barnevernet og sakkunnig nyttar tidvis filmopptak av t.d. samværssituasjonar og samspel mellom foreldre og born. Dette kan vere verdifullt til rettleiing og evaluering. Det blir ikkje gjort filmopptak utan at det er gitt samtykke.

Om presse og prinsipp

Eg og kommunen elles skal bli kontrollert og media har ei viktig rolle. Vi ønsker å vere så opne som mogleg. Samstundes er det viktig at omtalen byggjer på eit godt faktagrunnlag. Når det ikkje ligg føre dokumenterte lovbrot, bør ein vere varsam med å bruke ord som «ulovleg». Vi har forståing for at det er engasjement i saka, men vi ber om at omtalen ikkje går lenger enn fakta gir dekning for.

Til vidare bruk

Denne saka viser at varsling, oppfølging og openheit må vere ein kontinuerleg del av utviklingsarbeidet i organisasjonen. Erfaringane her skal vi bruke til å styrke arbeidet vidare. Vi vil ha trygge arbeidsplassar der det er rom for å varsle, og der varsling blir følgt opp på ein trygg og ansvarleg måte for alle partar.