Herold

Majoriteten av grunneigarane kring Selsvatnet støttar demninga

Plus
Kilde: Firda Author: Kåre Reidar Sæle, Arild Ove Borlaug, Øyvind Johan Løland, Kristine Gro Berglihn, Jens Ludvik Berge, Reidunn Lundekvam Berge, Patrick Langeland og Eli Therese Nedrebø (grunneigarar). Published: 2025-12-11 09:12:04
Majoriteten av grunneigarane kring Selsvatnet støttar demninga

Stolte forvaltarar av lokale rettar og naturressursar

Tiltaket er skånsamt og gjennomtenkt

Den verkelege trusselen mot naturen

Kvifor er dette viktig?

Vi bør vurdere naturinngrep med same målestokk

Demninga ved Selsvatnet er eit ansvarleg, framtidsretta og naturtilpassa tiltak som sikrar energi, drikkevatn og klimatilpassing – med minimale inngrep. Vi som bur langs Selselva og i nærleiken av Selsvatnet – og som representerer majoriteten av grunneigarane med aktuelle rettar – støttar bygging av demninga.

Kvifor?

Fordi energi og drikkevatn er livsviktige for heile samfunnet. Her kan vasskraft og friluftsliv leve side om side – utan å ofre naturen.

Vi forvaltar rettar med røter heilt tilbake til Magnus Lagabøtes landslov frå 1200-talet. Vatn har alltid vore ein livsviktig ressurs for oss – frå drikkevatn til folk og fe, kvernhus, sag og privat kraftverk på 50-talet og til i dag moderne vasskraft. Gjennom desse rettane bidreg vi til ei berekraftig framtid: vi leiger ut fallrettar, sikrar energiforsyning til samfunnet og får inntekter som held liv og lys i gardane våre. Dette er kulturarv i praksis – berekraftig forvaltning, ikkje privatisering av naturen.

Demninga blir liten – 10–15 meter brei og 1 meter høg, med ei open spalte – kledd med naturstein for å gli inn i landskapet. Ingen nye areal blir lagt under vatn, høgda blir redusert, og det blir ingen døgndrift. Området kring sjølve Selsvatnet er lite tilgjengeleg og sjeldan brukt til friluftsliv. Vi ser ingen konflikt – tvert imot meiner vi at kraftproduksjon og naturbruk kan gå hand i hand når omsyn til miljø og friluftsliv er teke.

Den verkelege trusselen mot naturen i fjellområda kring Storehesten er ikkje små, miljøtilpassa tiltak – men den stadig aukande kommersialiseringa av fjellet. Når sårbare område blir gjort til turistattraksjonar gjennom massiv tilrettelegging og marknadsføring, hytter og tilhøyrande anlegg, er konsekvensane for villrein, rovfugl og naturmangfald langt meir alvorleg enn ei lita demning. Dette er realiteten vi må tørre å snakke om.

Det er eit paradoks at slike inngrep blir akseptert, medan eit samfunnsnyttig prosjekt som er tilpassa miljø og landskap, møter motstand.

Bygdefolk har i hundrevis av år brukt fjellet til støling, beiting, jakt, fiske og friluftsliv – i pakt med naturen, det vi i dag kallar berekraft. Når friluftslivet blir organisert og kommersialisert, utviklar det seg raskt til masseturisme. Å forsøke å stanse ei miljøtilpassa demning, samstundes som ein legg til rette for auka turisme i fjellet, er ikkje berekraftig – det er dobbeltmoral.

Det grøne skiftet krev også mange små løft. Tiltaket handlar om etablering av ein mindre demning ved Selsvatnet, som vil gi ei meir stabil drift for eit eksisterande kraftverk, kommunalt vassverk, redusere erosjon og dempe flaumtoppar i Selselva – utan omfattande naturinngrep. Det kan dermed også sjåast som eit klimatilpassingstiltak for oss som bur langs elva, og dessutan gje inntekter til grunneigarar og kommunen. Alle må bidra ytlegare til omstillinga frå fossilt til fornybar energi – for oss er dette eit lokalt bidrag med klart fleire fordelar enn ulemper.

Energiforsyning og drikkevatn er samfunnskritiske funksjonar, langt viktigare enn tilrettelegging for turisme og hyttebygging. Etablering av demninga ved Selsvatnet og det enkle friluftsliv kan fint gå hand i hand. Demninga ved Selsvatnet er ansvarleg, framtidsretta og planlagt med omsyn til natur og landskap. Vi oppmodar alle som bryr seg om trygg energiforsyning og levande bygder til å støtte tiltaket.

Vi vonar derfor at våre folkevalde først og fremst tenker på vi som bur og ønskjer å leve våre liv her, i tillegg til samfunnets behov. Gardane her oppe har levd i pakt med naturen i generasjonar, og kjem til å halde fram med det. Den planlagde, lisje demninga er forma ut med omsyn til miljø, friluftsliv og landskap, og vil bidra til meir stabil drift av eksisterande infrastruktur.

Kommunen ville ha vekk «politisk innhald». Kårstad føler seg dolka i ryggen

Stopp! Storehesten er ikkje til sals for meir kraft!

Kraftselskap prøver på nytt etter nei. Eldrid er skeptisk

Rasar mot endå eit forsøk på å demme opp Selsvatnet