Nynorsk må ha ei framtid på Sviland!
Plus
Sandnes Mållag er kjend med innhaldet i rapporten som føreslår mange innsparingstiltak i kommunen. M.a. blir det nemnt at kommunen kan spara nokre millionar på å la Sviland skule gå frå nynorsk til bokmål som opplæringsmål. Bakgrunnen for dette er at dei som vel nynorsk, er så få på kvart trinn. Bokmålet har blitt fleirtalsmålet ved skulen. Men er det så enkelt å endra mål ved ein skule som denne rapporten er eit uttrykk for?
Nynorsk er meir enn eit skriftmål. Det er ein identitetsberar, eit kulturuttrykk og ein viktig del av den norske språkarven. På Sviland har nynorsk vore ein viktig del av skulekvardagen, og det speglar både lokal historie og språkbruk. Gamle Høyland kommune (som blei ein del av Sandnes i 1965) innførte nynorsk i 6 krinsar i åra 1909 – 1919, m.a. på Sviland. Frå midten av 1970-åra og framover mot 2000-talet hadde også sentrumsskular i Sandnes nynorskklassar.
Nynorsken i Sandnes er under press. Nynorskskulane har ofte litt andre utfordringar enn bokmålsskulane. Men haldningane til nynorsk har endra seg dramatisk til det betre dei siste åra, og jamvel fylkeskommunen peikar på at nynorsk er det naturlege språket i skulen i fylket.
Slik heiter det i eit skriv frå Rogaland Fylkeskommune i 2023:
Vi bur i eit område der det er naturleg å skrive nynorsk, og der mange har hatt nynorsk i skulen. Både kommunikasjonsstrategien vår og språklova oppfordrar til meir bruk av nynorsk. Vi ønskjer derfor at du skriv på nynorsk om du har lyst til det – i alle slags tekstar. (Henta frå «Slik skriver vi i Rogaland fylkeskommune»)
I Sandnes og omland er bokmål det språket både foreldre og elevar møter i alle samanhengar. Men dialekten i området har mykje til felles med nynorsk skriftmål, sjølv om den har mange bokmålsord også. Elevar som har hatt nynorsk i alle år på Sviland skule, seier at skriftspråket kling betre når ein skriv på nynorsk.
Elevane skal ha opplæring i både bokmål og nynorsk. Det er ein fordel å ha starta med nynorsk og lært det skikkeleg. Sidan bokmålet er så dominerande i samfunnet, vil det vera enkelt for dei fleste å læra seg det. Elevane får mykje gratis ved at Sviland tilbyr nynorsk. Barn som lærer begge måla, får eit rikare språk, blir flinkare til å lesa og får større toleranse for språkleg variasjon. Dette er ikkje berre ei pedagogisk vinning, men også ein demokratisk verdi. Nynorsk er eit offisielt språk i Noreg, og det må ha ein levande plass i utdanninga for å sikra likestilling mellom dei to måla. Det vil vera behov for personar som er gode i nynorsk i framtida også, både i det offentlege og i andre samanhengar. La Sviland få behalda nynorsken – for språkleg mangfald og lokal identitet!
Som ein språknøytral kommune forpliktar det Sandnes å ta vare på både bokmål og nynorsk – ikkje velja det eine bort når økonomien strammar seg til.
Sandnes mållag oppmodar Sandnes kommune til å ta eit språkpolitisk ansvar og ta vare på kulturtradisjonar. I den nye språklova, som tredde i kraft i 2022, heiter det at bokmål og nynorsk er likeverdige språk, og at det offentlege har eit særskilt ansvar for å fremja det minst brukte skriftspråket, som er nynorsk. Kan Sandnes kommune som ein såkalla «språknøytral kommune» seia seg nøgd med å omtrent skvisa ut or skulen det eine offisielle språket i Noreg?
*For Sandnes Mållag;Inge Kr. Sunde, leiar *