Småstein og vatn ved Skarvabjørg
Plus
Pressekontakten i Vegtrafikksentralen melder om småstein i vegbanen ved Skarvabjørgtunnelen.
Vegtrafikksentralen vidareformidla meldinga til vegentreprenøren klokka 08.20.
Vegtrafikksentralen har ikkje fått tilbakemelding frå entreprenøren så langt. Vegen er open, men står samstundes merka med steinsprang på nettsida til Statens vegvesen.
Ifølgje ein HF-tipsar er det vatn i vegbanen på begge sider av Skarvabjørgtunnelen.
Vegtrafikksentralen har ikkje fått melding om vatnet.