Ta pengane, ikkje strÄmannen
Kampen mot Þkonomisk kriminalitet og arbeidslivskriminalitet blir ikkje vunne med leiarsamlingar og planar. Nokon lyt ogsÄ gjere jobben.
Ta pengane, ikkje strÄmannen
Kampen mot Þkonomisk kriminalitet og arbeidslivskriminalitet blir ikkje vunne med leiarsamlingar og planar. Nokon lyt ogsÄ gjere jobben.
25 ansatte har fÄtt bistandsadvokat mot tidligere arbeidsgiver
Bedrifter kan utnytte systemet og la staten ta regningen
Matbodet vart straffa, dei som eigde pengane gjekk fri.
Regjeringen styrker innsatsen mot lĂžnnstyveri
RÄten i arbeidslivet mÄ stoppes fÞr den gjÞr for mye skade
Kriminelle herjer fritt
Debatt
Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
Politiet, Skatteetaten og andre som arbeider mot Þkonomisk kriminalitet fÄr nye verktÞy. Det er pÄ hÞg tid. Blant anna skal det bli enklare Ä inndra kriminelt utbytte.
Ăkokrim har mĂ„l om Ă„ auke inndraging frĂ„ nokre hundre millionar til 1 milliard i Ă„ret. Men er dette nok?
Arbeidslivskriminalitet (a-krim), skattekrim, narkotikakrim, bedrageri, lÞnstjuveri er ulike former for kriminalitet der utbyttet er mÄlet med kriminaliteten.
Kriminelle tener milliardar. Berre i byggjenÊringa blir den kriminelle Þkonomien berekna til 60 milliardar kroner Ärleg. Pengar blir eksportert ut av landet eller reinvestert i ny kriminalitet.
Dette er pengar som korrumperer heile samfunnet, utviklinga gÄr mot meir valdelege og brutale metodar.
Likevel ser det ut til at det er strÄmenn og pengemuldyr som vert straffa nÄr saker kjem til retten. Bruk av strÄmenn er ein heilt sentral metode for kriminelle.
StrÄmenn (og nokre kvinner) er «bruk og kast», dei fÄr roller i selskap, flyttar pengar, stiller konto til disposisjon, tek straffa og bakmenn gÄr fri. Ofte blir dei utsett for press, vald eller er sÊrlege sÄrbare personar.
Nyleg skreiv NRK om eit matbod som tilstod kvitvasking av en halv milliard kroner. Saka vart avdekt etter funn pÄ ein telefon. Mannen var ein typisk strÄmann.
Ăkokrim har tidlegare opplyst at mellom 6 og 8 milliardar i kontantar blir smugla ut av landet kvart Ă„r. Pengane kjem frĂ„ a-krim og narkotika, meiner Ăkokrim. Vi som kan ein del om a-krim, veit at kontantane er berre ein liten del av det totale bildet.
No overfÞrer kriminelle bakmenn direkte til utlandet, gjerne til neobankar. UtfÞrsel av dyre bilar som ikkje er betalt er ogsÄ ein metode.
Dette viser at utbyttet frÄ kriminaliteten er mange, mange gonger sÄ stort som det som blir smugla ut i kontantar.
StrÄmenn vart ogsÄ nytta i saka om smugling av kontantar i ein betongbil. Fair Play Bygg varsla om ein strÄmann som vart oppfÞrt med roller i ein butikk i Oslo som reparerte mobiltelefonar.
Det viste seg at dette var ein hub for svarte pengar frÄ a-krim og narko-krim. Tipset frÄ Fair Play Bygg om denne strÄmannen var ein liten brikke i puslespelet som fÞrte til oppklÄring av saka.
Politiet fortener honnĂžr for den innsatsen som er gjort i desse sakene. Ăkokrim har fĂ„tt utretta mykje gjennom satsinga pĂ„ skattekrim. Men det er nĂŠrmast verdilaust Ă„ ta strĂ„personen og ikkje hovudmannen, slik saka om matbodet viser. Rett nok vart det stoppa store mengder kontantar i denne saka, men dei store summane forsvinn ut gjennom banktransaksjonar.
Og det er ikkje matbodet sine pengar som vart smugla. Matbodet vart straffa, dei som eigde pengane gjekk fri. Det blir som Ă„ rette bakar for smed.
Strafferettens beviskrav og krav til subjektiv skyld i saker om Þkonomisk kriminalitet, sÊrleg ved bruk av strÄpersonar, gjer det vanskeleg Ä fÄ mange slike saker for retten.
Ăkokrim har kapasitet pĂ„ Ă„ handsame inntil 80 meldingar i Ă„ret. Fair Play Bygg har pĂ„ landsplan aleine innrapportert over 1.000 tilfelle av a-krim, berre i 2024.
Fair Play Bygg leverer viktig informasjon. Skatteetaten, politiet, NAV og ikkje minst finansnÊringa sit allereie med stor kunnskap om kvar det kriminelle utbyttet er og kven som tener pÄ dette.
Det gjeld Ă„ bruke denne kunnskapen til Ă„ stanse kriminaliteten, stille hovudmannen til ansvar og inndra pengane fĂžr dei blir borte.
Regjeringa kjem med ei rekkje tiltak, bÄde i stortingsmelding og som handlingsplan. Her blir det lista opp tiltak som skal bidra til innsatsen mot sosial dumping og a-krim. Planane viser innsikt i utfordringane og vilje til Ä handle. Men slike planar har det vore mange av.
Kampen mot Þkonomisk kriminalitet og a-krim blir ikkje vunne med leiarsamlingar og planar. Det er ikkje nok med nye verktÞy, nokon lyt ogsÄ gjere jobben.