Herold

Ingen skal måtte ro for helsehjelp

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Ingrid Aanderud Sælen, Pasient- og brukarombod i Vestland, kontor Førde Published: 2025-12-11 07:20:20
Ingen skal måtte ro for helsehjelp

Terje Vigen er poesi – men helsehjelp er lov

Pasient- og brukarombodet blir kontakta av mange menneske, frå mange kommunar. Også vi merkar kommunekrisa.

Vi kunne lese i Firdaposten 2. desember at Kinn kommune ikkje yter fast heimesjukepleie på øyane. Kommunalsjefen seier at «Ikkje fordi folk i utkantene har mindre rett på tenesta, men fordi ein ikkje har nok helsepersonell til det».

Deretter kom det eit debattinnlegg dagen etter, glimrande skrive av Rolf Vallestad Sunde:

Vi kunne òg lese om same problemstillinga i VG i fjor:

*Eg har i etterkant *av debatten i Firdaposten fått spørsmål om kva Pasient- og brukarombodet meiner, og om kommunen kan la vere å yte tenester til øybuarane.

Det korte svaret på dette er: nei.

Lova er heilt klar på at ein har rett til forsvarlege tenester der ein bur. Lova skil ikkje på om ein bur i tettbygde eller grisgrendte strøk.

Kinn kommune seier dei ikkje klarar å oppfylle lovpålagde forpliktingar. Med atterhald om at det er rett gjengjeve i Firdaposten, seier kommunalsjefen at «Vi gir ikkje helsehjelp i heimen i øyane i dag».

*Vi ser i *stadig større grad at kommunane våre kommuniserer at befolkninga nærmast må nedjustere sine forventningar til tenestane. Dette kan gjere det vanskeleg å be om dei tenestene dei treng.

For mange er det vanskeleg nok å be om tenester – det kan vere noko av det mest krevjande ein gjer. Dei fleste ønskjer jo å klare seg sjølve. Vi ser også eksempel på munnlege avslag ved at det blir sagt at det ikkje er nokon vits å søkje, fordi ein berre vil få avslag likevel.

Kommunen kan ikkje krevje eller forvente at innbyggjarane skal flytte på seg for å få forsvarlege tenester.

*Vi ønskjer vel *heller ikkje fråflytting frå øyane – gjer vi? Når helsetenester ikkje er likeverdige, kan det bidra til fråflytting, noko som strir mot målet om levande lokalsamfunn.

Kva er så dei lovfesta rettigheitene?

Lovgjevar har bestemt at befolkninga har eit rettskrav på naudsynte helse- og omsorgstenester, slått fast i pasient- og brukarrettslova § 2-1. Helse- og omsorgstenestelova § 4-1 slår fast at tenestene skal vere forsvarlege.

*Det er alltid *lova si ordlyd som er den viktigaste rettskjelda for kva forvaltninga kan gjere, etter god gammal rettskjeldelære. Vi har ikkje mange rettssaker om dette, ettersom det kommunale sjølvstyret strekk seg ganske langt. Men berre ganske langt. Det er nokre rammer.

Difor kjem få saker til domstolane. Men vi har nokre. For dei som har lese hit, kan nemnast den høgsterettsdommen juristar kjenner godt: Fusadommen (Rt. 1990 s. 874). Dommen fastslår at kommunane må oppfylle eit minstekrav for forsvarlegheit.

*Det blei i dommen *vidare framheva at kommunen ikkje kan redusere tenester til under forsvarleg nivå med heimel i budsjett eller ressursmangel. Dette er stadfesta òg i seinare rettspraksis (Tolga-dommen, Rt. 1997 s. 877).

Kinn kommune kan fatte vedtak om at ein person som bur på ei øy ikkje skal få tenester. MEN dette må, etter Pasient- og brukarombodet si vurdering, byggje på personen sitt konkrete behov for tenester etter ei individuell vurdering, slik Vallestad Sunde òg skriv.

Kommunen kan dermed ikkje på generelt grunnlag seie at personar på øyane ikkje skal motta heimetenester.

Viss geografisk bustad fører med seg at grunnleggjande helsehjelp ikkje blir gjeven, kan det vere indirekte diskriminering dersom kommunen ikkje har gjort nok tiltak for å kompensere. Ein kan òg vise til likestillings- og diskrimineringslova § 6 (forbod mot diskriminering). Lik tilgang til helsetenester er ein del av prinsippet om likeverdige offentlege tenester.

Kva bør kommunen gjere?

Som ein konsulent hos Kommunenes Sentralforbund (KS), Håvard Moe, skal ha sagt, og mange etter han: Vi må kort sagt danse med demografien. Når vi blir fleire eldre, må tenestene og samfunnet tilpasse seg.

Også sjølv om dei bur på den ytste, nøgne øya – slik som Ibsen sin Terje Vigen.

Vi kan beundre Terje Vigen for motet og uthaldet hans, mannen som rodde over Skagerrak for å skaffe korn til den svoltne familien sin.

Men vi kan ikkje forvente at dagens øybuarar skal «ro over Skagerrak» for å få den helsehjelpa dei har lovfesta rett til. Når kommunane ikkje leverer tenester der folk bur, blir avstanden mellom lova sine ord og røyndomen like stor som havet Terje Vigen kjempa mot.

Forskjellen er at det i dag ikkje er ein handelsblokade som hindrar hjelpa, men mangel på personell og prioritering.

*Det er forståeleg *at ressursane er knappe – men forståeleg gjer det ikkje lovleg.