La kystfuruskogen leve!
Plus
Firdaposten skreiv etter møtet i formannskapet 04.12. i Bremanger:
«Evy Merete Myklebust i Venstre gjorde det klart at partiet støttar administrasjonen sitt framlegg sjølv om det blir eit naturtap». «Det smertar å tape natur, men potensialet for både klimaet og vekst i Bremanger kan vere stort, sa Evy Merete Myklebust (V)».
«Statsforvaltaren har berre bede oss om å vurdere naturmangfaldet betre», seier Jorunn Frøyen (H), og viser til at Holmaneset er det einaste aktuelle industriområdet i kommunen».
«Nils Jørgen Sagebø (Ap) føreslo å avvise planen. Området er tapt dersom vi seier ja til dette. Prisen på ammoniakk har vore skyhøg dei siste åra, fem gonger høgare enn fossilt drivstoff. Det er langt fram før ammoniakk blir eit godt alternativ for skipstrafikken, argumenterte Sagebø, og fekk støtte frå Kjell Sørland (Vi-partiet)».
«Men kollegaene i formannskapet», skriv Firdaposten, «ser på Holmaneset som det einaste reelle prosjektet som kan skape nye arbeidsplassar».
Å argumentere mot aukande naturtap er ikkje høgt på lista til mange politikarar viss det er snakk om nye arbeidsplassar – om det så gjeld å utradere ein eldgamal kystfuruskog med stor eigenverdi i seg sjølv ved å lage ei industritomt akkurat der.
*At kommunedirektør *Tom Joensen legg fram eit positivt saksframlegg, er sjølvsagt hans ansvar. Men då er det i neste steg politikarane sitt ansvar å vurdere om det er godt nok opp mot kommunale, nasjonale og internasjonale mål som vi er forplikta til å følgje opp. Og ikkje minst, som vi høyrer så lite om, den sterke folkelege motstanden og alle dei godt grunngjeve og saklege innspela som er framja frå både lek og lærd i denne saka.
Kvar er det blitt av vektlegginga av desse innspela i Holmanessaka?
Det bør no vere tida for ein grundigare analyse og eit djupdykk i konsekvensane av ei slik inngripande avgjerd av dei med lokal makt i denne saka. Kanskje har dei gjort det, men det er ikkje lett å få auge på – når dette er så lite omtalt av dei som vil seie ja til ammoniakkfabrikken.
Som Arne Ness seier i boka «Djup glede – Innføring i dypøkologien» av Per Inge Haukeland, Flux Forlag 2025» er «samfunnet vårt prega av ein snever og kortsiktig fornuft, basert på ein teknisk-økonomisk rasjonalitet».
Han viser til den kjende filosofen Spinoza (1632 – 1677) som seier at noko er «fornuftig såframt det samsvarer med dei djupare verdiane og dei meir langsiktige, aktive kjenslelne».
*Det vil seie *at ein ny industrietablering i eit grønt område kan vere fornuftig ut frå ein teknisk-økonomisk rasjonalitet, men ufornuftig ut frå djupare verdiar som t.d. trivsel og helse, ja, for å ta vare på naturmangfaldet som eigenverdi òg.
«Forholdet mellom fornuft og kjensle», står det vidare, «kan sjåast på som forholdet mellom segl og ror. Kjenslene er seglet som skapar rørsla. Men fornufta er roret som avgjer retninga».
Spørsmålet vi alle må stille oss er difor: Kva kjensler rører oss og kva fornuft pregar retninga når vi tek slike standpunkt?
Ja, det smertar om ikkje kystfuruskogen får leve!