Aktor vil fengsla mor tiltalt for å forgifta 1-åring på sjukehus – forsvarar ber om frifinning
Ei mor er tiltalt for å forgifta 1-åringen sin. Medan påtalemakta vil fengsla ho i tre år, meiner forsvararen at kvinna bør frifinnast.
Saka oppsummert
Ikkje sikker medisinsk teori
Viser til Valdres-saka
Les også
Overlege om mor tiltalt for forgiftning av eget barn: – Var trøstende og populær
Ber ikkje om besøksforbod
Mener moren forgiftet datteren (1) med avføring og urin. Barnet bor fortsatt hjemme
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
Ei bergenskvinne i 30-åra har dei siste vekene sete på tiltalebenken i Hordaland tingrett, tiltalt for å ha forgifta si eiga dotter.
Dette skal ho ha gjort ved å forureina blodet til eittåringen ved å sprøyta bakteriar frå urin eller avføring inn i eit venekateter.
Forgiftinga skal ha skjedd ved ni tilfelle. Dottera fekk blodbaneforgifting eller sepsis medan ho var innlagt på Haukeland universitetssjukehus og Rikshospitalet vinteren 2022/23.
Aktor Benedikte Høgseth meiner at dei har utelukka alternative forklaringar og at mora hadde tid og høve til handlingane.
*Men forsvarar Kim Brügger Villanger meiner dette ikkje er bevist utanfor all rimeleg tvil. Han meiner påtalemakta ikkje er i nærleiken av å oppfylle beviskravet. *
– Det at ein ikkje har funne årsaka til forureininga av blodet, er ikkje bevis for at den tiltalte er skuldig.
På fleire punkt kalla Villanger aktors framstilling «spekulativ».
– Eg opplever at aktoratet «mistolkar alt» og prøver å få henne inn i «Münchhausen-boksen».
Forsvarar Kim Brügger Villanger.
Han meiner aktor berre bygger på ein medisinsk teori som ikkje er sikker.
Han åtvarar retten mot tunnelsyn, stadfestingsfeller og bortforklaringar.
*– Mora si forklaring er påliteleg. Ho er ikkje tatt i løgn eller motseiingar. *
Villanger meiner påtalemakta mistenkeleggjer heilt normal oppførsel, som at mora stelte barnet åleine på sjukehustoalettet etter at det var starta kontinuerleg overvaking av mora.
– Det er ikkje mistenkeleg at ei mor tar barnet med på stellebord for å skifta bleie. Det er naturleg, ikkje oppsiktsvekkande, seier forsvararen.
Han viste i sin prosedyre til at den sakkunnige konkluderte at det er «ei mogleg og til og med sannsynleg årsak», men ikkje «utelukka alt anna».
– Denne saka er den mest kompliserte eg har hatt, men konklusjonen om å frifinna er ikkje spesielt komplisert. Det er openbert.
Han meiner at det ikkje er eit godt nok bevis at den sakkunnige seier det er «sannsynleg».
– Viss retten meiner at ei slik medisinsk vurdering her er nok til domfelling, er det oppskrift på justismord, seier Villanger.
Mora sjølv har heile tida vore klar på at ho er uskuldig.
– Eg har ikkje gjort barnet mitt sjukt. Eg har ikkje tilført barnet mitt bakteriar. Eg er ikkje skuldig, sa ho då ho forklarte seg i retten.
Men påtalemakta meiner dei har bevist det motsette.
Dei ber om at ho skal fengslast i tre år og tre månader.
– Du får ingen medisinar til å seie at noko er hundre prosent sikkert. I denne saka har dei i realiteten utelukka andre forklaringar enn at bakteriane blei påført barnet, seier aktor Høgseth.
I retten viste medaktor Farzad Izadi til Valdres-saka, der ei mor blei dømd for mishandling då dottera hennar på 13 år døydde av eteforstyrringar.
Høgsterett fastsette straffa for Valdres-mora til tre års fengsel.
– Mora i vår sak bør dømmast strengare, sa Izadi.
Han viste til at mora i Valdres-saka blei dømd for at ho var passiv og unnlét å skaffa nødvendig hjelp.
Han meiner forgiftingssaka i Bergen er verre fordi det er snakk om aktive, livsfarlege handlingar mot 1-åringen.
Aktor Høgseth sa i sin prosedyre at sidan forureining av barnets blod kunne vore livsfarleg, er det nok at retten finn eitt av dei ni tilfella bevist utanfor all rimeleg tvil.
– Samfunnet si førestilling om ei mors omsorg for barnet tar vi nesten som ei naturlov. Vi som menneske har eit ubevisst ønske om at ei mor ikkje kan skada barnet bevisst, sa aktor.
– Men eg ber retten vere medviten om at det *kan *skje at ei mor vil gjera det ut frå eit eller anna indre behov, la ho til.
Aktor Benedikte Høgseth seier ho opplever det som at forsvararen sine «truslar» om justismord er eit forsøk på å skremme retten.
Påtalemakta legg ikkje ned påstand om besøksforbod eller at mor skal betala sakskostnadar.
Tidlegare i rettssaka har det kome fram at barnevernet avslutta si undersøking av mora etter tre månader.
Barnet blei aldri henta ut av heimen sin.
Kvinna har tre barn, der det fornærma barnet er det yngste.
Medforsvarar Agnieszka Barbara Bulat la tysdag fram si vurdering av tidlegare relevante dommar.
Forsvararane ber først og fremst om frifinning. Dersom mora likevel blir dømd, meiner dei fengselsstraffa bør vera maksimalt halvanna år i fengsel og 150.000 kroner i erstatning til barnet.