Sky Sports laga TikTok-konto spesielt for kvinner – måtte unnskylde
Sky Sports skulle byggje «eit inkluderande fellesskap for kvinnelege fans». I staden blei dei kalla «nedlatande» og «sexistiske».
«Matcha + hot girl walk»
Les også
Fotballprofil steiler etter påvirkerturnering: – Provoserende og trist
Fordomsfulle
Problematisk
Har sagt unnskyld
«Eitt skritt fram, 50 år tilbake.»
Slik lyder éin av mange tilbakemeldingar på den nye «kvinnefokuserte» TikTok-kanalen til Sky Sports.
«Sky Sports Halo», blei lansert torsdag førre veke, og blei kalla «veslesystera» til den originale Sky Sports-kontoen.
Berre nokre dagar seinare, måtte dei ta ned kontoen etter å ha fått kraftige motreaksjonar på sosiale medium.
Ved lanseringa sa kringkastaren at målet var «å byggje eit inkluderande fellesskap for kvinnelege fans, enten dei er uformelle eller dedikerte, gjennom morosamt, trendbasert og samanliknbart innhald.»
I staden blei dei kritisert for å vere «nedlatande» og «sexistiske».
«HALO HELTAR»: I ein av videoane presenterte dei kvinnelege Rugby-stjerner som barbiar.
På kontoen blei det publisert innhald med lysande rosa font, emojiar og filter.
I ein av videoane viste dei Manchester City-spiss Erling Braut Haaland som skåra mål mot Bournemouth. I bildeteksten stod det: «Korleis matcha + hot girl walk-komboen treffer».
I ein annan video, som refererte til ein Formel 1-skandale, var tittelen: «Forklarar 2008 Crashgate med jenteomgrep», skrive i ein rosa glødande tekst med naglelakk-emoji.
Anders Mamen, høgskulelektor i marknadsføring ved Høyskolen Kristiania, meiner at det er heilt tydeleg at Sky Sports bomma her.
– Det er aldri bra å fornærme kundane dine. Det må vere på vilkåra til kvinnene. Sky Sports har ikkje tatt unge kvinner på alvor, og det verkar som dei prøvde å gjere folk dummare enn det dei er. Då føler målgruppa seg undervurdert, seier Mamen til NRK.
Han held fram:
– Kvinner som er interessert i sport tar sporten på alvor. Rosa filter og stereotypiske uttrykk er ikkje det som gjer sporten spennande. Når du ikkje forstår dei du snakkar til og utviklar innhald på bakgrunn av egne fordommar, så treffer du ikkje, konstaterer han.
«HOT GIRL WALK»: Ein av videoane på kontoen viste Erling Braut Haaland som skåra mål.
GirlsontheBall, ein konto som dekkjer kvinnefotball, uttrykte frustrasjon på X. Dei skreiv at dei «ikkje kunne førestille seg at dette var noko kvinnelege sportsfans ynskjer.»
Ifølgje BBC, meinte ein annan X-brukar at Sky Sports Halo var eitt av dei verste konsepta han nokon gong hadde sett:
«Så nedlatande. Å lage ein forenkla sportskanal for kvinner er utruleg sexistisk. Utruleg at det blei godkjent og at det framleis er ute».
REAKSJONAR: Motreaksjonane strøymde inn i kommentarfelta til TikTok-kontoen
Det tok tre dagar før Sky Sports valde å leggje ned kontoen. I ei uttale på sosiale medium laurdag kveld innrømmer kringkastaren at dei «ikkje fekk det til».
«Vår intensjon med Halo var å skape eit rom ved sidan av vår eksisterande kanal for nye, unge, kvinnelege tilhengjarar. Vi har lytta. Vi fekk det ikkje til. Som eit resultat stoppar vi all aktivitet på denne kontoen. Vi lærer, og vi er framleis like forplikta som før til å skape rom der fans føler seg inkludert og inspirert.»
*NRK har kontakta Sky, men har ikkje fått noko svar. Til BBC seier Sky at dei ikkje har fleire kommentarar til saka. *
HAR UNNSKYLDT: Sky Sports bad om orsaking, og valde å leggje ned brukaren etter få dagar.