Herold

Han er ny trenar for damelaget: – Denne sjansen kunne eg ikkje la gå frå meg

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Sigrid Nese Thue Published: 2025-12-10 20:01:38
Han er ny trenar for damelaget: – Denne sjansen kunne eg ikkje la gå frå meg

Magne Elde har skrive under ei toårskontrakt med Sogndal FK Damer.

Det melder klubben sjølv på si nettside.

– Å vera hovudtrenar i Sogndal FK Damer er ein av dei mest spennande og interessante trenarjobbane i vårt område og det er med stor lyst, iver og glede eg no ser fram til å starta jobben med å levera for klubben dei neste åra, seier han.

Elde har brei erfaring og starta trenargjerninga si på 90-talet i Bremanger IL, der han også kjem frå. Han har dei siste 20 åra jobba 100 prosent i fotballen, både i krets og klubb. Her han primært vore trenar, men har også hatt ulike leiarverv i Bremanger, Sogn og Fjordane Fotballkrets, Måløy, Fortuna Ålesund, Blindheim og siste året i Hødd Fotball, der han har vore utviklingsleiar.

– Eg har trivest utruleg godt i Hødd Fotball, men då denne moglegheita i Sogndal FK Damer kom opp, så kjende eg at denne sjansen kunne eg ikkje la gå frå meg, seier Elde til klubben si nettside.

Martin takkar for seg – og snart ventar det som vil bli den største utfordringa til no i livet

Dei har festa seg til kartet – men no står Sebastian og kompani ved eit vegskilje

Dagleg- og sportsleg leiar Sebastian Kaldestad, seier klubben er veldig godt nøgd med tilsetjinga av Elde.

– Han er ein erfaren trenar som kjenner fylket godt, han har a-lisens, er ein gjennomfører og er klar og tydleg på feltet. Han har også veldig relevant trenarerfaring.