Herold

Julekonsert med omvende roller: Lærarane står på podiet

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Keth Odland Published: 2025-12-10 19:00:00
Julekonsert med omvende roller: Lærarane står på podiet

Ei slags teambuilding, seier rektor Anne Margrethe Vikeså Solvang om prosjektet ho og lærarkollegiet har arbeidd med den siste tida. Men i tillegg til å bygga sitt eige lag vil dei gjerne bidra til at også folk flest i bygda blir litt oppbygde i ei travel førjulstid.

Konsert i regi av kulturskulen er nesten utan unntak ei oppvisning i meir eller mindre talentfull og iallfall ikkje ferdigforedla elev-musikalitet. Konserten i Bjerkreim kyrkje sundag kveld er unntaket. Då er det lærarane i kulturskulen som spelar førstefiolin. Bare eit knippe av dei eldste elevane bidrar på eit par nummer.

– Me synest alle at Bjerkreim kommune er ein god arbeidsgivar for oss i kultursektoren, og nå har me leigt kyrkja for å gi litt tilbake og takka for tilliten. Det gjer me med ein julekonsert som me har kalla «Lys over bygda», seier Anne Margrethe Vikeså Solvang.

Repertoaret samanfattar ho slik:

– Noko julete. Noko til ettertanke. Noko til håp, fred og glede.

Dette skal kulturskulelærarane, samt eit par gode samarbeidspartnarar, uttrykka gjennom song, dans, saksofon- og orgelspel og mykje meir, røper ho.

Det er første gongen kulturskulelærarane inviterer til ein konsert med seg sjølv. Visst ønsker dei å gi publikum noko fint og kanskje litt oppbyggeleg, men det er ikkje bare derfor dei gjer dette.

– Det blir kanskje bare denne eine gongen; «once in a lifetime»? Kven veit. For oss lærarar har prosjektet eit ikkje uvesentleg element av teambuilding. Å kunna lytta til kvarandre er uendeleg viktig. Derfor dyrkar me samspel, tillit og tryggleik i kollegiet, og søker inspirasjon i kvarandre sine idear og sterke sider. Og når alt kjem til alt, kjem dette elevane våre til gode, resonnerer Anne Margrethe Vikeså Solvang.

I tillegg til elevane som deltar på to av innslaga, er elevar i den tekniske gruppa med og styrer spakane på miksepulten under konserten.

Desse opptrer:

*Dyveke Sæther *- drama-, song-, musikkbarnehage- og danselærar. Skal synga, kora og ha monologar på konserten

*Alona Sutula *- pianolærar. Skal spela piano/flygel på konserten

*Karin Grastveit Jakobsen *- danselærar. Skal dansa og synga på konserten

Kyrylo Revkov -* *saksofon- og fløytelærar. Skal spela saksofon på konserten

*Hilde Fuglestad Ramsli *- song- og bandlærar. Skal synga, kora og dirigera på konserten

*Magnhild Gjedrem *- visuell kunstlærar. Har laga plakat til og skal synga på konserten

*Sergii Sutula *- messingblåslærar. Skal spela ulike messinginstrument på konserten

*Geir Arne Løvbrekke Bjerkreim *- slagverk-, musikkgruppe-, musikkbarnehage- og bandlærar. Skal spela slagverk, synga og spela elpiano på konserten

*Annette Olden Nedrebø *- leiar på kulturkontoret. Skal spela piano/flygel på konserten

*Anne Margrethe Vikeså *- rektor og vikarlærar på kulturskulen, samt dirigent for seniorsongarane. Skal synga, kora og spela elpiano og perkusjon på konserten

*Rune Bjerkreim *- vikarlærar bass og gitar. Skal spela bass på konserten

*Solveig Vassbø Sæth *- organist i kyrkja. Skal akkompagnera på kyrkjeorgel på konserten

*Kurt Magne Bjerkreim *- gitar- og basslærar, samt lærar for teknisk gruppe (i permisjon). Lydteknikar på konserten

Eit eventuelt overskot frå konserten vil gå til innkjøp og fornying av instrument til kulturskulen.

– Alle elevar i kulturskulen har gratis entré, minner rektor om.