Herold

Vil gje folk eit lite avbrekk i ei travel førjulstid

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Sondre Hansen Published: 2025-12-10 17:01:00
Vil gje folk eit lite avbrekk i ei travel førjulstid

Jula nærmar seg med stormskritt, men før sjølve julaftan er det mykje ulikt ein kan få med seg for å komma i julestemning.

Julestemning

Blant dei er Rosendal musikklag sin tradisjonelle julekonsert.

Den blir arrangert i Kvinnherad kyrkje 21. desember.

– I godt over 50 år har musikklaget samla folk i bygdene våre til ei roleg og fin førjulsstund i kyrkja. Dette vert ei stund for alle som ønskjer å lande litt i førjulsstria og la musikken føre ein inn i julefreden, skriv Tor Skeie Olsen i ei pressemelding.

Rosendal musikklag vil by på klassiske juletonar i tillegg til anna passande musikk, held han fram.

Martha Skeie Olsen som sit i styret i musikklaget lovar at det blir mykje julemusikk som folk kjenner igjen og som dei garantert kjem i julestemning av.

– Det blir litt ny og gammal julemusikk. Det er den konserten som markerer slutten på desember, som er ein travel månad for musikklaget. Me håper me greier å få folk i julestemning i år også. Me kjem i alle fall i julestemning sjølv når me held på, seier ho, og legg til:

– Det er kjekt å spela for mykje folk og alltid fint å sjå når kyrkja fyller seg opp. Det pleier å vera ein populær konsert. Me ser fram til den og lovar god musikk.

Marianne (43) er ny dagleg leiar i bedrifta: – Ingen tvil om at det er store ambisjonar her

Det er rundt 30 personar frå musikklaget som skal i aksjon denne kvelden.

– Etter konserten kan julefreden senka seg for mange. Me håpar folk kjem og får eit lite avbrekk i ei travel førjulstid.

Til neste år skal musikklaget feira 130-årsjubileet med ein storslått konsert i Rosendal Samfunnshus.

Han kjem til Baroniet Rosendal: – Vi kjenner oss heldige som får han til oss