Herold

Trening gjorde at Hilde Hefte kunne slutte med astmamedisin

Kilde: NRK Author: Kari Byklum Published: 2025-12-10 16:50:03
Blei kvitt astmamedisin med trening: – Ikkje overraskande

Hilde Hefte har slite med astma sidan ungdomstida. Etter at ho begynte Ă„ trene regelmessig har ho lagt bort medisinane.

Saka samanfatta:

Avgjerande med trening

Dette er astma

Plagene blir reduserte

– Ikkje overraska

– Ver varsam

Treningstips:

Andre gode grunnar til Ă„ vere fysisk aktiv:

– NĂ„ tĂžr ho presse seg

Hei!

Les ogsÄ

Ny forskning viser sammenheng mellom svevestĂžv og astma hos barn – nivĂ„et mĂ„les ikke

‱ Hilde Hefte, ein 69 Ă„r gammal jazzmusikar, har opplevd stor betring i astmaplagene sine gjennom regelmessig trening. ‱ Trening som styrke, lĂžping og yoga har styrkt pustemuskulaturen, auka lungekapasiteten og gitt henne ein mental opptur. ‱ Ekspertar bekreftar at trening reduserer astmaplager ved Ă„ styrke pustemuskulaturen og auke ventilasjonen i lungene. ‱ Astmatikarar bĂžr ta forholdsreglar som oppvarming og unngĂ„ kulde, og alltid fĂžlge rĂ„da til legen om medisinar. ‱ Hefte har gĂ„tt frĂ„ Ă„ vere redd for Ă„ presse seg til Ă„ springe halvmaraton og lĂžfte tunge vekter, noko som viser samanhengen mellom fysisk og mental styrke. ‱ Trening kan ikkje kurere astma, men det kan redusere behovet for medisinar og gi betre livskvalitet.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frÄ OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar fÞr publisering.

«To til. Det er bra!»

Hilde Hefte bit tennene saman. Ho veit det lÞnner seg Ä hÞyre pÄ trenaren.

– Eg har tenkt Ă„ stĂ„ pĂ„ scena til eg er 95. Det er berre Ă„ gjere som Wiggo seier.

69-Äringen er jazzmusikar og ekstra sÄrbar om pusten ikkje held mÄl.

– Tidlegare var det som Ă„ ha eit lokk over lungene. Eg fekk ikkje nok luft til Ă„ synge som eg ville.

Hilde Hefte fÄr god hjelp av trenar Wiggo Nordheim. Han motiverer og rettleier.

For nokre Ă„r sidan begynte Hefte Ă„ trene regelmessig. Pusten blei lettare. Ho kjente seg tryggare pĂ„ scena – og fekk ogsĂ„ ein mental opptur.

– Eg trenar styrke og spring, men gjer ogsĂ„ yoga, og trur det er denne kombinasjonen som gjer meg sĂ„ godt.

At det hjelper er udiskutabelt, fortset ho.

– Om eg slurvar med treninga mĂ„ eg fram igjen med astmasprayen.

– Å puste utan problem er ei fantastisk fridomskjensle, seier 69-Ă„ringen.

Kjelde: NAAF.no

– Astma er ein betennelse i luftvegane, og trening er i seg sjþlv inflammasjonshemmande, seier Helle Stordrange Grþttum, sjukepleiar i LHL.

Ho forklarer at det ikkje er mogleg Ä trene seg frisk frÄ astma, men at trening vil gjere dei fleste betre.

*– Trening styrker pustemuskelen og aukar lungekapasiteten. *

NÄr du fÄr opp pulsen bruker du ein stÞrre del av lungene. DÄ ventilerer du betre og fÄr auka luftpassasje, fortset ho.

– Ein kropp som blir i betre form vil ogsĂ„ tole meir.

Helle Stordrange GrĂžttum, sjukepleiar i LHL, anbefaler trening til dei med astma.

Overlege og professor innan Þyre-nase-hals-sjukdommar Sverre SteinsvÄg blir ikkje overraska nÄr han hÞyrer om Hefte.

– Eg er ikkje overraska, nei. Det er godt dokumentert at regelmessig trening og mosjon reduserer astmaplager og gir férre og mindre alvorlege astmaanfall.

Sverre SteinsvÄg, overlege og professor i Þyre-nase-hals-sjukdommar ved SÞrlandet sjukehus og Universitetet i Bergen.

Han understrekar at trening er bra for alle. Men astmatikarar opplever gjerne ei stĂžrre betring fordi dei plagsame pusteproblema blir reduserte.

– Det handlar om at trening styrker muskulaturen i brystkassa og mellomgolvet slik at heile pustearbeidet gĂ„r lettare.

Det er likevel viktig at astmatikarar tar forholdsreglar.

– Varm godt opp og ver spesielt varsam med Ă„ trene i kulde. Kulde kan forverre astmaplager.

Dersom du bruker astmafÞrebyggande medisinar bÞr du heller ikkje slutte med dei, tilrÄr han.

– Dei fleste opplever at treninga gjer at dei treng mindre medisinar, men forhold deg alltid til rĂ„da frĂ„ fastlegen.

Rundt 5 prosent av den vaksne befolkninga har astma. Styrketrening reduserer ofte sjukdomssymptom.

Det er stor helsegevinst i Ă„ vere litt aktiv i lĂžpet av arbeidsdagen. Bryt gjerne opp stillesitting kvar annan time med 10 minutts aktivitet, for eksempel:

Det er mykje mosjon i Ä gÄ:

All aktivitet hjelper - for kvart 25. minutt med husarbeid reduserast risikoen for hjerteinfarkt ned med 6 prosent.

Kilde: LHL.no

Wiggo Nordheim er Hilde Hefte sin personleg trenar. Han har fÞlgt henne tett i fleire Är, og har sett forbetringa pÄ nÊrt hald.

– Tidlegare var ho redd for Ă„ presse seg pĂ„ grunn av pusten. Alt blei lettare dĂ„ ho klarte Ă„ overvinne frykta.

Han er tydeleg pÄ at det fysiske og mentale heng saman.

– Mykje sit i hovudet. Hilde har blitt mykje betre etter at ho skjĂžnte at ho klarte meir enn ho trudde. FĂžr sprang ho aldri, nĂ„ lĂžfter ho tunge vekter og har sprunge halvmaraton.

– Ikkje la dine eigne avgrensingar hindre deg i Ă„ trene, men oppsĂžk hjelp om du er usikker, seier personleg trenar i Sats, Wiggo Nordheim.

Takk for at du leste denne saken. Har du tips til andre saker jeg bĂžr skrive om?

  • Astma er ein kronisk lungesjukdom som er prega av vedvarande betennelses- eller irritasjonstilstand i luftvegane (bronkiane).
  • Dette fĂžrer til auka oversensibilitet i luftvegane, som gir varierande symptom som hoste, tung pust, pipelydar i pusten, hyppige luftvegsinfeksjonar, dĂ„rleg sĂžvn og nedsett aktivitet.
  • Astmadiagnosen varierer frĂ„ mild til alvorleg og du vil oppleve gode og dĂ„rlege periodar med astmaen din.

  • FĂ„ deira treningstips lenger nede i saka.

  • Armhevingar mot pulten

  • Halde ei tung bok over hovudet og lĂžfte opp og ned bak hovudet
  • Ta knebĂžy mot kontorstolen
  • StĂ„ pĂ„ huk inntil veggen i 90 graders vinkel
  • Ta legghev – stĂ„ pĂ„ tĂ„ og lĂžft leggene i 10 sekund

  • GĂ„r du i et tempo som tilsvarer minimum 4,8 kilometer i timen reduserast sjansen for hjarte- og karsykdom, og Ă„ dĂžy av hjarte- og karsykdom med 50 prosent, sammenliknet med de som gikk sakte.

📊 Metadata

Category: Agder, Trening, Helse, Helse og livsstil, Sykdom
OpenGraph Title: Trening gjorde at Hilde Hefte kunne slutte med astmamedisin
Twitter Title: Trening gjorde at Hilde Hefte kunne slutte med astmamedisin