– Bjørn Magne var heilt unik
Plus
Ekstremsportmiljøet minnest Bjørn Magne Bryn. Han vert hugsa som inkluderande, motiverande og ustoppeleg.
Minnestund
Gav 120 prosent
Høgt nivå
– Eg har aldri møtt andre som han. Han var heilt unik, seier Jarle Hus i Voss Fallskjermklubb, der Bryn var aktiv.
– Bjørn Magne har betydd veldig mykje for Ekstremsportveko i alle år, både som utøvar og pådrivar, seier Dag Sandvik, som er styreleiar i Ekstremsportveko.
Laurdag døydde 48-åringen brått. Bortgangen er omtalt både i lokal, nasjonal og internasjonal presse.
Laurdag 13. desember held fallskjermklubben minnestund klokka 16 i klubbhuset på Bømoen.
– I minnestunda ynskjer me å dela historier, vera saman i stilla og heidra alt Bjørn Magne har gitt til klubben, til sporten og til kvar enkelt av oss, heiter det på klubben si Facebook-side.
Også Ekstremsportveko skal minnast Bryn.
– Bortgangen har måtta sokke litt inn, men Ekstremsportveko skal minnast Bjørn Magne, seier Sandvik.
Jarle Hus vart kjent med Bjørn Magne Bryn i 2011, og har mange gode minner å sjå tilbake på.
– Eg er veldig takknemleg for at eg har fått bli kjent med Bjørn Magne. Eg vart kjent med han då eg flytta til Voss på grunn av fallskjermsporten, seier Jarle Hus og held fram:
– Bjørn Magne var ei trygg hand, eit klokt hovud og eit varmt medmenneske som såg alle rundt seg. Han var engasjert og gav alltid 120 prosent.
Hus var med Bjørn Magne i Team One Call.
– Ei svært gjevande tid, minnest Hus.
– Bjørn Magne hadde ein drivkraft som var heilt ustoppeleg. Det var alltid noko som skjedde der han var. Han var ei inspirasjonskjelde for mange, seier Dag Sandvik.
Han kan knapt få rosa Bryn sin innsats for Ekstremsportveko nok.
– Han var ein stor pådrivar for heile arrangementet. Sportsleg var han svært flink. Stunta han gjorde held eit skikkeleg høgt nivå. Det høge nivået i det han heldt på med, gav ekstra stor merksemd om Veko spesielt og sporten generelt, seier Sandvik og understrekar:
– Bjørn Magne Bryn fekk Voss og Ekstremsportveko på verdskartet.
🔗 Published by 3 sources - Compare: