23 stilte ut på julemarknaden
Plus
- Laurdag hadde me, tradisjon tru, julemarknad i Bryggjeslottet på Mo, og i år var det 23 som stilte ut tinga sine, fortel Siren B. Øvre-Helland, konsulent for kultur og fritid i Modalen.
Fleire i år
Hobbystasjon også
Mange utstillarar hadde med seg eit variert utval av varer.
Det var alt frå tradisjonell lokalmat, kaker og andre godsaker, strikkevarer, Aloe vera-produkt, lokal honning, Tupperware-produkt, blomar og kransar, julepynt, lammeskinn, smykke, bøker, diverse pynteting og leikar til born.
- Ordførar Linda Neset opna marknaden og sa nokre velvalde ord, og me hadde tre musikalske kulturinnslag; Pernille Trohaug Våge og kjærasten Marius song duett, Alianah og Britt Norunn song kvar sin solosong, fortel Øvre-Helland.
Det var fleire utstillarar enn det har vore dei siste åra, noko som kulturkonsulenten synest var veldig kjekt.
- Det kom mykje folk innom gjennom dagen og det var generelt god stemning. Ungdomsskulen hadde både kafé med sal av graut, vaflar, kaker, kaffi og saft, i tillegg til ei eigen salsbu der arbeidslivsfagklassen selde julekaker dei hadde bakt fortel Øvre-Helland.
Det var også laga til ein liten hobbystasjon der born kunne teikna, perla, laga julelenkje eller byggja med klossar.
- Me gler oss alt til neste år, smiler Øvre-Helland.
– Ein fin førjulstradisjon