Herold

Situasjonen er uendra: – Held framleis stengt

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2025-12-10 12:37:52
Situasjonen er uendra: – Held framleis stengt

Uskedal kyrkje held stengt.

Som Kvinnheringen skreiv 5. desember bestemte kyrkjeverje, verneombod og driftsleiar seg for å stenga Uskedal kyrkje torsdag 4. desember.

Det skjer som følge av store skeivheiter, sprekker og brot i berande konstruksjonar, samt ein vegg som hallar 14 centimeter.

– Det er ikkje stas å byrja desember med stenging, og det sat langt inne å gjera dette her. Men når vi no er der vi er, så har vi ikkje noko val. Vi ønskjer ikkje å ta nokon sjansar, sa kyrkjeverje Torstein Aarthun under eit informasjonsmøte i Uskedal kyrkje torsdag 4. desember.

I det same møtet vart det sagt at det skulle koma konsulentar frå Akasia til Uskedalen onsdag 10. desember for å gjera ei vurdering.

«I dag har det vore konsulent frå Akasia i kyrkja i lag med takstmann. Han sa ikkje mykje no, men vil koma med ein rapport ein av dei første dagane. Difor er situasjonen uendra, og kyrkja vert med andre ord framleis stengt», skriv Aarthun i ei melding til Kvinnheringen.

Marianne (43) er ny dagleg leiar i bedrifta: – Ingen tvil om at det er store ambisjonar her