Miljøorganisasjonane ankar gruvedumping-sak til lagmannsretten
Plus
Naturvernforbundet og Natur og Ungdom ankar tingrettsdommen om gruvedumping i Førdefjorden til lagmannsretten. Dei meiner dommen er i strid med EØS-avtalen.
Saka gjeld Nordic Minings løyve til å dumpe gruveavfall i Førdefjorden. Borgarting lagmannsrett slo i august fast at utsleppsløyvet er ugyldig fordi det bryt med EUs vassdirektiv.
*Då regjeringa ikkje ville trekkje løyvet, tok miljøorganisasjonane saka til Sogn og Fjordane tingrett og bad om mellombels forbod mot gruvedumping. *
Tingretten avslo kravet 10. november og la i dommen vekt på at det «ikkje er sannsynleggjort at gruvedumpinga vil gi vesentleg skade på fjorden i dei neste seks til tolv månadene». Organisasjonane vart dømde til å betale 2,5 millionar kroner i sakskostnader.
Det er denne dommen organisasjonane no ankar sidan dei meiner han er i strid med EØS-avtalen, opplyser dei i ei pressemelding.
I anken skriv miljøorganisasjonane at både Borgarting lagmannsrett og Sogn og Fjordane tingrett har lagt til grunn at dagens utsleppsløyve er ugyldig.
Nordic Mining planlegg å dumpe over 100.000 tonn med gruveavfall i Førdefjorden i månaden. Ifølgje Havforskingsinstituttet vil dumping av gruveavfall gjere stor skade på fjorden.
Miljøorganisasjonane ber også lagmannsretten om å redusere sakskostnadene kraftig. Dei meiner kostnadene er i strid med Århuskonvensjonen, som skal sikre at det ikkje blir uoverkommeleg dyrt å føre miljøsaker i retten.
Opphavleg var organisasjonane usikre på om dei hadde råd til å anke dommen.
(©NPK)