Herold

Pessimisme i næringslivet. Trur på dårlege tider

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Arne Hjorth Johansen Published: 2025-12-10 10:35:00
Pessimisme i næringslivet. Trur på dårlege tider

Næringslivet i Nordfjord og Kinn går inn i 2026 med lågare framtidstru. I NHOs ferske medlemsundersøking seier 31 prosent av bedriftene i regionen at dei ventar forverra marknadsutsikter dei neste seks månadene.

Færre investeringar

Meir pessimistisk enn på lenge

Tala samsvarer med utviklinga nasjonalt. I NHOs desember-undersøking vurderer berre rundt éin av fire verksemder den noverande situasjonen som god, medan like mange melder om ei dårleg situasjon. Endå fleire ventar forverring framover.

– Vi ser at det er ein viss pessimisme i Nordfjord og Kinn no. Det kan vere fleire grunnar til at bedriftene er urolege for marknadsutsiktene framover, seier regiondirektør Helene Frihammer i NHO Vestland.

Ho peiker på at usikkerheit om toll til både EU og USA kan vere ei faktor som skaper usikkerheit, i tillegg til at det er venta eit fall i oljeinvesteringane framover.

– Vi veit at usikkerheit om framtida gjerne fører til færre nye tilsette og investeringar. Samstundes er det store skilnader mellom bransjane, seier ho.

Ho fortel at bilforhandlarar melder om at marknadssituasjonen er god. Det same gjer medlemmane i Fornybar Norge, NHO Transport og Abelia. Sistnemnde er foreininga i NHO for kunnskaps- og teknologiverksemder.

Den nasjonale undersøkinga, gjennomført i slutten av november, viser at summen av utfordringar framleis pressar mange verksemder. Fleire rapporterer fallande ordreinngang, høge kostnader og ei betydeleg usikkerheit framover.

NHO seier at verksemdene no er meir pessimistiske enn dei har vore på lenge, og at framtidsutsiktene er prega av både geopolitikk, kostnadspress og svakare etterspurnad i fleire marknader.

Usikkerheit om framtida fører ofte til at verksemder set investeringar og nytilsettingar på vent. Om utviklinga med fallande framtidstru held fram kan det få merkbare konsekvensar både lokalt og nasjonalt.