Vedtok eit stramt budsjett
Plus
Vestland fylkesting strammar inn i møte med trongare tider.
Vil spara 40 mill.
Den 9. og 10. desember held fylkestinget møte i Vestlandshuset i Bergen. Tysdagen brukte dei til å debattera seg gjennom eit budsjett for 2026 og ein økonomiplan for 2026–2029. Den raudgrøne koalisjonen har fleirtal og fekk vedteke sitt budsjettforslag.
På Vestland fylkeskommune sin heimeside vert det opplyst at av det samla budsjettet på 18 milliardar kroner er 12,5 milliardar drift og 4,7 milliardar investeringar.
Dei største investeringane innan fylkesvegar er byvekstavtalen Bergen, rassikring i Sunnfjord, Førdepakken, Bømlopakken, Askøypakken og Alversundbrua.
Innan opplæring er dei største prosjekta Langhaugen vgs., Stord vgs., Slåtthaug vgs. og Kvam vgs.
Mange var spente på billettprisane i kollektivtrafikken. Her vert prisane auka med fire prosent i gjennomsnitt, men fylkestinget skjermar ungdomsbilletten.
I økonomiplanen er det sett mål om innsparing på 40 millionar kroner i 2026 og minst 100 millionar kroner fram mot 2030.
Dette vil dei få til gjennom omstilling, og fylkesdirektøren skal presentera eit omstillingsprogram for politisk handsaming i mars 2026.
«Vi må rigga oss for tidene som kjem. Difor er det viktig at vi ser om vi kan organisera tenestene våre annleis eller på andre måtar driva meir effektivt,» opplyser fylkesordførar Jon Askeland (Sp).
Landa ny kontrakt: – Viktig for oss at vi har eit fotfeste der