Herold

BKK får lågare kostnadar – reduserer nettleiga 

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2025-12-10 10:11:58
BKK får lågare kostnadar – reduserer nettleiga 

BKK meiner ei hushaldning kan spara 1.350 kroner i nettleige neste år.

I ei pressemelding skriv BKK at dei reduserer prisen i energileddet i nettleiga for privat- og næringskundar frå 1. januar 2026.

«For vanlege hushaldskundar betyr det ein reduksjon i nettleiga med om lag ti prosent», står det å lesa i pressemeldinga.

Denne reduksjonen skuldast i all hovudsak lågare kostnadar frå Statnett.

– Vi jobbar kontinuerleg med å halda nettleiga så låg som mogleg for kundane våre. Når vi får lågare kostnadar frå Statnett, får vi moglegheit til å redusera nettleiga til kundane våre, seier leiar Morten Neteland i kundedivisjonen til BKK i pressemeldinga.

Marianne (43) er ny dagleg leiar i bedrifta: – Ingen tvil om at det er store ambisjonar her

Som eksempel på kor mykje hushaldningane kan spara med dei nye nettleigeprisane, har BKK sett på dei som har eit forbruk på 25.000 kWh per år, dei som brukar 15.000 kWh i året og til slutt dei som ligg på 8.000 kWh i årleg forbruk.

Her er det estimert at ein vil spara høvesvis 1.350 kroner, 800 kroner og 450 kroner årleg.

Så mykje sparte Norgespris-kundar i Kvinnherad