Herold

Mosa gasspedalen i golvet. Må rett i fengsel

Plus
Kilde: Sandnesposten Author: Mikkjell Lønning Published: 2025-12-10 05:27:41
Mosa gasspedalen i golvet. Må rett i fengsel

Politiet tok grep då dei blei vitne til forbikøyringa langs Daleveien.

  1. november var politiet klare med laseren langs Daleveien. Der er det 60-sone.

Ein mann i 30-åra suste forbi i 125 km/t.

Det er praksis å idømme fengsel når nokon køyrer 110 km/t eller meir i ei 60-sone. Mannen tilstod råkøyringa.

Heldigvis var det lite trafikk den dagen. Vegbanen var tørr og sikten god, men retten utelukka ikkje at det kunne vere mjuke trafikantar langs strekninga.

Råkøyringa skjedde under ei forbikøyring.

– Forholda rundt køyringa gjer det klart skjerpande, skriv dommarfullmektig Stein Sindre Buer i dommen.

Mannen er dømt til 21 dagar fengsel og mistar førarkortet i 25 månadar.