Herold

Fredag får heile Norge møte Jan og Barbara. Dei bur nærare Florø enn nokon skulle tru

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Dag Nesbø Frøyen Published: 2025-12-10 04:10:00
Fredag får heile Norge møte Jan og Barbara. Dei bur nærare Florø enn nokon skulle tru

Ekteparet Jan og Barbara Behme flytta frå Tyskland til Norge for 17 år sidan. På den vesle øya Grønenga, nær Florø, har dei skapt eit unikt liv i pakt med naturen. Fredag får vi møte dei i suksesserien på NRK.

Jan & Barbara

Ror til fastlandet

Paradis enn så lenge

Vil viser fram idyllen

Ein ny sesong av NRK sin suksesserie «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» blir slept på fredag. I fjor hadde serien 1,2 millionar sjåarar i snitt. Den var også nominert til tre Gullruten-prisar. Oddgeir Bruaset leia det første programmet, som vart sendt i 2002. Og serien skulle verkeleg rotfeste seg i folkesjela. Serien møter menneske som bur langt frå byen. Dei lever nær draumen om eit enklare liv. No er serien meir populær enn nokosinne. Programmet har vore ein favoritt i heile 24 sesongar.

*Denne gongen har NRK møtt Jan og Barbara Behme. Det som er litt annleis med dette paret, er at dei bur tettare på sivilisasjonen enn dei fleste vi har møtt i serien dei siste 23 åra. *

– Havet! høyrer vi Jan seie i bakgrunnen når vi spør kva som var grunnen til at dei flytta frå Heidelberg og Tyskland og til Norge tilbake i 2007.

Naturen og skulesystemet var sterke argument då ekteparet tok med seg ungane og flytta til Norge for eit enklare liv. Det er i dag like lenge sidan fjernsynsserien dei er med i, har vore nordmenn sin klare favoritt. I dag er ekteparet rotfesta i Norge, snakkar norsk med lokal dialekt, og er blitt norske statsborgarar.

Jan Behme er lege og jobbar på Sentralsjukehuset i Førde. Kvar morgon ror han frå kaia sør på Grønenga over Klavfjorden til båtforeininga sitt bryggeanlegg i Brandsøy. Deretter tek han bussen frå Brandsøy vidare til jobb.

Det var også i Førde familien på seks jobba fram til 2013 då dei heilt tilfeldig kom over småbruket på øya Grønenga. Her har dei rusta opp eit gamalt småbruk. Barbara er i dag gjetar for utegangarsauene, gartnar i grønsakhagen, driv med vedlikehald av bygningar og steller for den handikappa mor si som sidan 2021 også har budd på garden deira.

Borna deira gjekk på skule i Florø i oppveksten, men dei to eldste gutane (33 og 28) og dottera (31) bur alle i Tyskland. Den yngste av dei Anton (24) bur i Danmark. Han har nettopp fått tvillingar og har ytra ønske om å flytte heim til Norge overta garden til foreldra som blir kalla "Haugen".

Dei lev etter ein sjølvbergingsfilosofi på Grønenga og dyrkar det aller meste av det dei treng. I eigen hage dyrkar dei grønsaker og krydder, dei har høns og sau, og treng berre å handle mjølk og kornprodukt ifrå butikken. Då tek dei båten 10–15 minutt inn til Florø sentrum.

– Eg trur det er få menneske i Florø som i heile tatt kjenner til Grønenga, seier Barbara.

For den frodige grøne øya, som tydeleg har fått sitt namn av den grunn, ligg berre knappe 200 meter i luftlinje frå neset ved Brandsøy planteskule. Så tett på byen, men likevel så isolert frå omverda. Her går det ikkje rutebåt, og du må ha båt for å vere kopla på resten av verda.

*– Dette synest vi er fascinerande. Kjensla av å vere heilt vekke frå sivilisasjonen, fortel Barbara. *

Men i vest kryp industrien inn mot den frodige grøne øya år for år. Vestsida av øya ønskjer både kommune og industri skal kunne byggast ut.

Planane om industribygging er ikkje planar familien på Grønenga støttar. Dei er opptekne av sjølvberging og berekraft, ikkje nedbygging av meir natur. Så draumen om å bli gamle på øya, kan fort endre seg.

– Det handlar om kva framtida vil bringe. Industri på øya forandrar alt. Vi ser allereie dei grå industriområda krype austover mot oss. Og det er ikkje berre Grønenga, det er stadig meir av naturen vi omgir oss med, påpeikar ho.

For familien driv etter ein grunnleggande filosofi om å ta vare på kloden. Dei lever med og av naturen, dei driv eit økologisk og berekraftig landbruk med minst mogleg ressursbruk. Noko du blir flink til om du bur slik dei bur der dei må takle det som er av utfordringar som kjem.

*– Vi har eit håp om at vi gjennom denne serien kan vise fram Grønenga og den idyllen vi lev i. For vi håper at Grønenga skal bli verande eit paradis skjerma for industri og nedbygging av natur, avsluttar ho. *

Fredag slepper NRK den nye sesongen av den populære serien og her får vi møte Barbara og Jan som bur tettare på Florø enn nokon skulle tru.