Herold

Avslår søknad om kraftverk i Vik

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Sigrid Nese Thue Published: 2025-12-09 15:49:33
Avslår søknad om kraftverk i Vik

NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggja Tura kraftverk i Vik kommune.

Det kjem fram av ei pressemelding.

Småkraft AS har søkt om å byggja eit vasskraftverk med produksjon på 7,38 GWh.

NVE meiner søknaden ikkje inneheld vesentlege endringar frå tidlegare planar, eller nye opplysningar som endrar vurderingane i NVE sitt vedtak frå 2016 eller Energidepartementet sitt vedtak i klagesaka frå 2018.

– Tiltaket vil framleis ha negative verknader for verdifulle naturtypar og landskapsverdiar. Me meiner at endringane i søknaden ikkje er tilstrekkelege til å avbøta desse konsekvensane. Derfor avslår me søknaden utan ytterlegare behandling, opplyser NVE i pressemeldinga.

Vedtaket er gjort med heimel i vassressurslova § 8.

NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.