Menes har lov til å stemme mot ordføraren
Plus
Arne Johannessen skuldar i eit innlegg 08.12 Arnstein Menes for å «motarbeide sin etterfølgjar» Stig Ove Ølmheim. Han skriv at dette har vore «skammeleg og flaut å følgja med på». I innlegget nemner han både saka om tidlegare kommunedirektør Skinlo og dei ulike sluttavtalane som har kome fram den siste tida.
Som nabo til Sogndal er det mykje å undra seg over
Det er sjølvsagt lov til å vere ueinig med Menes når han støttar den avgåtte kommunedirektøren. Men det er litt drygt å skulde han for å motarbeide ordføraren. Då bør ein underbyggje dette med fakta.
Kva konkret skriv Johannessen for å underbyggje dette? At han «alltid røyster mot alle framlegg som ordføraren kjem med». No er både Johannessen og Ølmheim frå Arbeidarpartiet. Arnstein Menes er med i Senterpartiet. Dette er to ulike parti. Det er difor ikkje «motarbeiding» når dei stemmer ulikt.
Menes og andre har vorte skulda for dette før, i kommentarfelt på Facebook og på den anonyme skitkastarsida Sognapilten. Difor nører Johannessen no opp under ei historieforteljing der enkeltpolitikarar som stemmer mot ordføraren, driv med motarbeiding. Men me lever ikkje i Nord-Korea (eller USA). Så det bør framleis vere mogleg å meine noko anna enn ordførarpartiet.
Det har vorte delt ut rikelege mengder personhets mot lokalpolitikarar og enkeltpersonar i Sogndal kommune den siste tida. Dette bør snart ta slutt. Venstre ønsker at me skal skilje sak og person mest mogleg.
Me har til dømes stilt spørsmål om sluttavtalane i kontrollutvalet og me har teke til orde for ei ekstern arbeidsmiljøundersøkjing. Men me meiner at det er heilt unødvendig å tillegge lokalpolitikarar som Menes motiv for å stemme slik eller sånn. Dette bidreg berre til å undergrave lokaldemokratiet.
Det er ikkje rart om folk kvir seg for å engasjere seg i lokalpolitikken, når ein ser korleis det er blitt «lov» å omtale enkeltpersonar som Menes.
Saka om sluttavtalane i Sogndal kommune går no sin gong. Kommunedirektør Skartun skal orientere om avtalane før jul. Først når me får fakta og omstende på bordet, tek me stilling til det som er gjort og korleis ting skal gjerast framover. I mellomtida diskuterer politikarane korleis ein skal forhalde seg til Luster og andre sognakommunar sitt arrogante forhald til NAV-arbeidsplassane på Leikanger. Me har mykje me er einige om internt i Sogndal, og me har ein mykje meir sivilisert tone i dei politiske møta enn det som kjem fram i avisa.
I likskap med Arne Johannessen undrar me oss likevel over ein del ting, mellom anna dette:
På kva for måte tenkte Johannessen at innlegget hans skulle bidra til noko konstruktivt? Eller var det ikkje det som var tanken?