Herold

Pipebrann i einebustad: – Ingen dramatikk

Plus
Kilde: Hordaland Author: Marita Saue Skjoldli Published: 2025-12-09 16:18:20
Pipebrann i einebustad: – Ingen dramatikk

Brannvernet fekk fort kontroll på ein pipebrann i einebustad i Ulvik tysdag kveld.

Ikkje røyk i huset

Tysdag klokka 17:15 melde 110 Vest at brannvernet rykte ut til Øvre Skeie i Ulvik etter melding om mogleg pipebrann.

Innsatsleiar på staden, Arnt Inge Lekve, seier dei har kontroll.

– Det har vore ein liten pipebrann, men han er sløkt no, seier Lekve til Hordaland.

Dei rykte ut med mannskap frå Ulvik, og fekk fort kontroll på staden.

– No skal me sjekka pipa, så får feiaren sjå nærmare på dette i morgon. Eg reknar med det går veldig fint.

Kart med ID 442542

Då Hordaland snakkar med innsatsleiaren seier han at det ikkje er varme i pipa lenger.

– Det har ikkje kome røyk ned i huset, så det er ingen problem for dei som bur her å vera i huset.

Politiet med åtvaring: – Ser ut til det vert ein ny runde med dette

Rettssaka i hestemysteriet: – Får kjøpa tilbake hestane