Trist sorti for «kraftkommunen»
Plus
Det er lite lystig å lesa ordførar og rådmann si skildring av Ulvik herad sin økonomi, i avisa Hordaland. Bakgrunnen er at det truleg skal investerast i ny barnehage. Alt før dei kjem ut av startgropa, er disposisjonsfondet skrapa og lånegjelda er skyhøg. Det blir tøft for innbyggjarane som må tåla ny kommunal eigedomsskatt, gebyrauke i 30%-klassen for vatn og avløp, etter at vi hadde omlag same auken i 2025.
Verst vil det gå ut over andre tenester, der tilsette i skule, barnehage og helse- og omsorg vil få marginalt å rutta med i framtida. Ansvaret for den økonomiske elendigheita adresserer ordføraren til Staten, som har dryssa millioninntekter over «kraftkommunen» i årevis. Så seint som i år fekk ein endå meir pengar gjennom Statsbudsjettet for 2026, noko Senterpartiet har teke æra for.
I forrige kommunestyreperiode representerte eg partiet Venstre i kommunestyret og formannskapet, og skreiv i avisa om konsekvensane ved utbygginga på Sentrumsbygget. No i ettertid føler eg at eg fekk rett, trass i null gjennomslag for synspunkta den gongen.
Eg sit med ei kjensle av at det berre er fokus på at inntektene sviktar og at det kjem nye lovkrav, og ikkje kva ein lokalt kan gjera med utgiftssida. Kan det t.d. henda at det er gjort feil prioriteringar dei siste åra? Har den langsiktige planlegginga vore ute av kontroll? Kvifor denne plutselege desperasjonen etter å selja offentlege bygg (t.d. Finse skule) no i tolvte time?
Dei siste åra har kommunen kjøpt fylkeskommunale bygg og private bygg/eigedomar i millionklassen. Det er lite av dei kommunale «innkjøpa» som no kan realiserast, og dei vil difor ikkje gje nokon meirverdi for heradet. Det har berre blitt ei meirutgift.
I tillegg har ein satsa på ny heradsstyresal og kontor-lokalitetar til administrasjonen, for omlag 25 millionar.
Når me også veit at skulen (som snart er 75 år) heller ikkje har godkjent stempel etter lov om miljøretta helsevern, burde ein kanskje ha sett på ei samordning, evt eit oppvekstsenter, for skule- og barnehage. Ei så stor investering som no vert drøfta, burde ha vore forankra i ein oppvekstplan for skule og barnehage i Ulvik herad.
Kvifor har kommunen valt å reorganisera til ei kommunalavdeling for oppvekst, når ein ikkje tek høgde for å samordna desse tenestene? Kommunen har sagt opp etablerte interkommunale avtalar for barnevern og PPT, og etablert ei rad kommunale stillingar i administrasjonen, som erstatning. Likevel høyrer me ikkje eit einaste ord om oppvekstfaglege utfordringar og strategiar. Korleis er økonomien i dette? Kva med det faglege? Klarer me å tilby gode og robuste tenester til dei mest sårbare borna våre?
Når ordføraren i tillegg sukkar over dei demografiske utfordringane som har heimsøkt oss her inne i fjorden, burde han ha løfta fana for oppvekstsektoren i kommunen gjennom målretta planarbeid.
Eg meiner at kommunestyret straks må setja i gang eit arbeid som ser på alle utfordringar innan oppvekstfeltet. Dette må munna ut i ein plan for framtida, ikkje berre vilkårlege kutt for å løysa problema her og no. Med så store utfordringar må det vera på sin plass å etterspørja ein konsekvensanalyse.
På Voss har dei også utfordringar med økonomien (og sikkert demografien) og det er planar for reorganisering av kommunale oppvekst-tenester, og kutt i volumet på tenester. Debatten går høgt, og ordføraren står i denne strida på ein forbilledlig måte. I Ulvik er det helst stille og roleg, noko som er utfordrande for lokale prosessar og demokrati.
Heradet vurderer å innføra ny skatt
Svar til Klaus Rasmussen
Selskapet vil auka kraftig gebyret for innbyggjarane – politikarane er splitta