Herold

Nei, ny barnehage vil ikkje rasera tenestetilbodet i Ulvik

Plus
Kilde: Hordaland Author: Jenny Wright Johnsen, heradsstyrerepresentant, Ulvik SV Published: 2025-12-09 16:33:19
Nei, ny barnehage vil ikkje rasera tenestetilbodet i Ulvik

Barnehagesaka skal fÄ eit punktum i heradsstyret onsdag 10. desember. DÄ er det problematisk at denne avisa let dei mest kritiske rÞystene til prosjektet fÄ uttala seg utan Ä gje tilsvar til oss som ser ny barnehage som eit naudsynt trekk i utviklinga av bygda.

Etter vedtaket i formannskapet 19. november, der tre av fem representantar rÞysta for ny barnehage, har avisa trykt fleire intervju om barnehagesaka. Fyrst med Stig Inge RÞkenes frÄ HÞgre der han pÄstÄr at ein ny barnehage vil rasera tenestetilbodet i Ulvik, og like fÞr helga fekk ordfÞrar Jens Olav Holven frÄ Senterpartiet halda fram med same narrativ, i eit litt mildare ordelag.

Diskuterte ny barnehage: – Kjem til Ă„ rasera det Ăžvrige tenestetilbodet

PÄstandar blir ikkje gÄtt i mÞte og fÄr dermed bli stÄande som etablerte sanningar, t.d. at ny barnehage vil gÄ utover «alt ifrÄ skuleskyss, til nedbemanning i barnehage, skule og ulike helsetenester. Men ogsÄ fÊrre arbeidsplassar i einingar innan nÊring og jordbruk». Dette er i beste fall upresist og skapar eit skeivt bilete av saka. For dei aller fleste er avisa den primÊre informasjonskjelda til politikken, og det er difor svÊrt viktig med ei balansert framstilling av saka.

Gjorde vedtak kring ny barnehage: – Korleis hamna me her?

OrdfÞrar Holven snakkar imot seg sjÞlv. PÄ den eine sida viser han til den demografiske utfordringa knytt til at me vert stadig fleire eldre, og pÄ den andre sida peikar han pÄ at Ulvik mÄ venta med ny barnehage slik at me kan vera ei attraktiv bygd. Kven er det Ulvik skal vera attraktiv for? Kva mÄlgruppe er viktigare enn unge arbeidstakarar som vil etablera seg i bygda vÄr og betala skatt i mange Är framover? For denne mÄlgruppa er ein fungerande barnehage essensielt. Slik eg ser det, er ny barnehage ein mÄte Ä svara pÄ eldrebylgja.

OrdfÞraren kastar ogsÄ inn modulbarnehage som eit alternativ no nÄr me er ved mÄlstreken. Har han snakka med tillitsvalde eller verneombod om dette? Det har vore stor misnÞye med arbeidsforholda i modulen som heradet alt eig. Viss mÄlet er Ä halda pÄ tilsette, er modulbarnehage ei dÄrleg lÞysing. Administrasjonen peiker ogsÄ pÄ at levetida er for kort i hÞve til investeringa, og at det pÄ sikt blir ei dyrare lÞysing enn nybygget som er planlagt.

Barnehage-alarm i Ulvik: – Fukt, mus og kalde golv for dei minste

KommunedirektĂžr Hopperstad vert ogsĂ„ intervjua, og som den stĂžrste administrative autoriteten i bygda vekkjer det naturleg nok usikkerheit bĂ„de hjĂ„ oss politikarar og andre nĂ„r det vert sagt at «[
] reint Ăžkonomisk meiner eg det er lite tilrĂ„deleg Ă„ byggja ny, akkurat no» og «kanskje det rette er Ă„ greia ut fleire alternativ fĂžr ein landar». Korleis er det mogleg at ei sak som er utgreidd for 3,4 mill. kr ikkje er tilstrekkeleg utgreidd? Dette vitnar om manglande styring og leiing undervegs i saka.

Dei siste vekene har varaordfĂžrar, tidlegare ordfĂžrar, noverande ordfĂžrar og kommunedirektĂžr kome til orde, men ingen utanfor det politiske trepartssamarbeidet er spurd i saka. At Ăžvste politiske og administrative leiing ikkje nyttar hĂžvet til Ă„ gje ei meir balansert framstilling av saka, er lite tillitsvekkjande. Om det blir det eine eller andre utfallet, er me alle tente med at saka blir godt nok belyst.

Det fÞreligg mange sparetiltak i budsjettframlegget, bÄde gode og mindre gode, for Ä sikra at investeringa i ny barnehage er forsvarleg. Desse skal me diskutera i komande heradsstyremÞte 10. desember. Ingen av desse sparetiltaka kan karakteriserast som ei rasering av tenestetilbodet. Ein del av sparetiltaka som administrasjonen har kome med, er rett nok symbolpolitikk. Dei foreslÄr Ä leggja ned kinoen, ta frÄ skulemusikken dirigenten og droppa skotillegg til dei tilsette i helsesektoren. Dette er sparetiltak som gjev innsparing pÄ eit par hundre tusen, men som tek glede frÄ mange.

Administrasjonen mÄ vÄga Ä sjÄ pÄ fleire strukturelle endringar i korleis heradet vert drive for Ä ta ned utgifter som verkeleg monnar.

Markerte utfordringa i barnehagen: – Dette burde det vore mykje meir fokus pĂ„

Heradet vurderer Ă„ innfĂžra ny skatt

Innlegg til politikarane om ny barnehage i Ulvik Ny barnehage kjem ikkje av seg sjĂžlv