Voss herad – anten kutt eller krise?
Plus
Små marginar, stor risiko
Likviditet som blind sone
Innsparing og strukturendring
Samla effekt
Konklusjon
Tala blinkar raudt. Fondet svinn. ROBEK ventar.
Dette er ikkje skremselspropaganda, men realitetar som står svart på kvitt i budsjett og plan. Voss herad står ved eit vegskilje: anten tek vi grep – eller så tek ROBEK oss.
Årsbudsjettet for 2025 er juridisk bindande og set rammene for drifta det komande året. Økonomiplanen for 2025–2028 gir retning, medan strategiplanen for 2026–2029 legg ytterlegare føringar. Tala syner at driftsresultatet ligg mellom 0,9 og 1,1 prosent av driftsinntektene – under tryggleiksgrensa. Når marginane er så små, er det lite rom for uventa kostnader.
Samtidig har heradet forplikta seg til omfattande investeringar: bustader, samferdsel, vatn og avløp, brann- og ulukkesvern. Kjøp av areal er også eit sentralt punkt. Desse prosjekta krev låneopptak, og låna pressar driftsøkonomien ytterlegare. Fleksibiliteten vert redusert, medan risikoen aukar. ROBEK-registeret er ikkje eit fjernt scenario, men ein reell fare.
Ein vesentleg del av problemet ligg i likviditeten. Kommunane får statlege overføringar etappevis gjennom året. Når midlane kjem seint, må ein i verste fall nytte kassakreditt eller kortsiktige lån for å dekkje løpande utgifter. Det kostar dyrt i renter og reduserer den reelle verdien av tilskotet.
Hadde Voss herad fått overføringane forskotsvis ved årets byrjing, ville kommunen hatt høve til å unngå renteutgifter, styrkje likviditeten og planleggje investeringar med større presisjon. Ein slik ordning ville fungert som ein buffer mot uventa kostnader og gjeve kommunen større økonomisk handlefridom.
Administrasjon og leiing er eit naturleg startpunkt. Voss herad er plassert i kostragruppe 10, der gjennomsnittet ligg på 6 000 kroner per innbyggjar. Voss brukar 6 800–7 000 kroner. Med 16 300 innbyggjarar betyr det ein merkostnad på 10–15 millionar kroner årleg. Reduserer kommunen kostnadene til gjennomsnittsnivå, kan ein frigjere 10–15 millionar. Klarar ein å verte best i gruppa, kan innsparingane bli 20–25 millionar kroner.
I tillegg ligg det eit stort potensial i innkjøpsfunksjonen. Kommunar som nyttar rammeavtalar, digitale verktøy og profesjonalisert kompetanse sparer typisk 3–5 prosent av innkjøpsvolumet. For Voss kan dette utgjere 15–25 millionar kroner årleg?
Kommunen må òg vurdere avhending av eigedomar. Men sal må skje i open konkurranse, med uavhengig takst og gjennom transparente prosessar. Berre slik kan ein sikre legitimitet, rett pris og tillit frå innbyggjarane. Avhending kan frigjere kapital, redusere vedlikehaldskostnader og gi kommunen større økonomisk handlefridom – men berre dersom det skjer på ein måte som er open, rettvis og etterprøvbar.
Samla kan kommunen frigjere opp mot 40–50 millionar kroner årleg gjennom innsparing på administrasjon, profesjonalisering av innkjøp og strategisk avhending av eigedomar? Kombinert med forskotsvise statlege overføringar ville dette styrkt driftsresultatet, redusert risikoen for ROBEK og gjeve Voss herad større økonomisk handlefridom.
Spørsmålet er ikkje om Voss har råd til å gjere endringar, men om heradet har råd til å la vere. Når driftsresultatet er under 1 prosent, investeringane er tunge og lånefinansierte, og fondsmidlane kan forsvinne på få år, er det ikkje tid til å vente.
Voss herad må ta grep – ikkje små justeringar, men strukturelle endringar. Innsparing på administrasjon og leiing, profesjonalisering av innkjøp, transparente prosessar for avhending av eigedomar og forskotsvise statlege overføringar er heilt nødvendige.
Utan kursendring, er ROBEK ikkje eit varsel – men ein destinasjon. Anten kutt – eller krise. Eg har freista å peike på val av retning. Det er gratis.
Kan få større innsparingskrav: – Vil føra til at drifta av Utebassenget må revurderast Stramt budsjett, men: – Stort steg i rett retning når det gjeld realisme Milliondryss til kommunane: – Dette har vore svært viktig for oss