Politiet åtvarar om tiggarar på dører: – Innbyggjarane må vera meir forsiktige og årvakne
Plus
Ved fleire høve har bebuarar på Voss og i Granvin blitt oppsøkte av tiggarar på dørene. No åtvarar politiet.
Ny melding
– Må vera obs
Politiet har ved fleire høve fått meldingar frå folk som har blitt oppsøkte av tiggarar på dørene sentralt på Voss og i Granvin.
– Fyrste meldinga tikka inn laurdag midt på dagen om at to unge kvinner gjekk på dørene og tigga etter mat. Dei skal ha hatt ein lapp som viste eit bilete av ei kvinne og med tekst om at dei hadde små born dei ikkje klarte å forsørga. Det skal også ha stått om ein kan hjelpa til med mat, seier Bjørn Inge Aarsand hjå Voss politistasjon.
Smartembed for https://www.avisa-hordaland.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=442470
Kvinnene reiste frå staden, og då politiet var ute og leita etter kvinnene fann dei ingen.
Dei to skal ha vore i 20-åra og rundt 1.60 høge.
– Det vart også sagt at den eine kvinna kan ha vore gravid. Og dei var beskrive som relativt unge.
Kart: Her skal tigginga ha skjedd
Så kom det inn ny melding til politiet i dag, tysdag.
– Då vart det varsla om at fire forskjellige bebuarar ved omsorgsbustader i Granvin hadde fått to kvinner på dørene som ville låna toalettet. Dei skal også ha spurt om vatn, fortel Aarsand.
Desse kvinnene skal ha vore i 40-50-åra og snakka engelsk.
– Dei stod fram som ordentlege, men me vil at folk skal vera obs på slik åtferd.
Aarsand seier slik oppførsel kan vera eit forsøk på å distrahera, den eine får vatn og den andre stel.
Kart med ID 442476
Det er ikkje meldt om at noko skal ha blitt stole knytt til desse siste hendingane, men politiet ber innbyggjarane vera merksame.
– Det er litt snodig at det skjer så mange stader på Voss og i Granvin omtrent samstundes. Tigging på dørene er noko me høfleg skal avvisa, seier Aarsand.
Han ber folk vera meir forsiktige og årvakne.
– Ser du oppførsel som du reagerer på, ta kontakt med politiet på 02800. Dersom du ser ein bil som du reagerer på, skriv ned skiltnummer og ta kontakt.
Politiet med åtvaring: – Ser ut til det vert ein ny runde med dette
Ber om forvaring for drapsmannen