Me kan ikkje skusle vekk vårt finaste arvesølv
Plus
Eit skip lasta med kultur, som besøker nokre store, men flest små plassar, med forfattarar, scenekunst, musikk og bøker.
*Litteraturbåten Epos er *noko av det mest vestlandske me har, ein kultursuksess og heilt unik i verda. Likevel står den utan driftsstøtte, og er stadig i fare for nedlegging. No er stiftinga på friarferd til rause sponsorar og samarbeidspartnarar i kulturlivet for å overleve.
Slik burde det ikkje vere.
Epos er kjend langs heile vestlandskysten, med 63 års historie som eit viktig tilskot til kulturlivet i bygdene. Sidan tilbodet om Bokbåten, det omreisande fylkeskommunale biblioteket, vart lagt ned i 2020, har Epos fått nytt liv.
Ei eiga stifting driv Epos vidare med eit breiare nedslagsfelt og ei heilt ny rolle som litteraturhus, lokal scene og møteplass. Ikkje minst som eit viktig tilskot til litteraturformidling for born og unge på mindre stadar, i samarbeid med dei lokale biblioteka som ofte har avgrensa midlar til å arrangera på eige hand. På grunn av den lange historia som omreisande kulturbåt, har Epos blitt verna av Riksantikvaren. Ein del av kultur- og kysthistoria vår kan vere på veg til å forsvinne for godt.
Denne medisinen har vi prøvd før. Den virker ikke.
Epos legg til kai nær folk, skapar liv og røre og ein dag å hugse. Både for skuleborn i lesekrisa og eldre som har lang veg til kulturlivet. I Geirr Lystrup sin song om bokbåten skriv han: «Det vert skulefri og reine syttande mai. Når Epos glir inn, og hiv trossa på kai».
Eit skip lasta med kultur, som besøker nokre store, men flest små plassar, med forfattarar, scenekunst, musikk og bøker. Ein open møteplass for alle aldrar.
Båten byr på litteraturformidling av framifrå kvalitet med høgaktuelle framsyningar, skrivekurs og samtalar som fremjar leseglede og litteraturinteresse, ein møteplass med kafé og til tider bar. I tillegg kan lokale organisasjonar halde eigne arrangement.
Litteraturbåten Epos har på fire år besøkt og samarbeida med 37 kommunar i Vestland, hatt 6000 besøkande og over 200 arrangement. Og det er langt frå toppen av potensiale med ei meir føreseieleg drift.
Turneane er eit tilbod til alle kommunane i Vestland fylke. Skulane får tilbod om fleire framsyningar dagleg. I tillegg samarbeider Epos med festivalar, kulturinstitusjonar og kunstnarar slik at dei kjem seg ut på tur og får gitt tilbod til fleire.
Politikarar frå både posisjon og opposisjon har tatt til orde for kor viktig Litteraturbåten Epos er for å oppretthalda eit rikt og unikt tilbod som høyrer Vestlandet til. Likevel har dei folkevalde som argumenterer med at Bokbåten Epos er ein tilbakelagt sak, vunne fram. Det er som å argumentere mot det nye scenekunstsenteret i Sentralbadet med at ein tidlegare har lagt ned Sentralbadet som offentleg symjebasseng (eller Sentralbadet litteraturhus med eit nedlagt smelteverk).
Så verdifullt at det er verdt å riva eit kulturminne
*Nålauget for nye *tiltak på fylket sitt kulturbudsjett er svært trongt. Store og viktige utviklingsprosjekt i Bergen tek opp ein vesentleg del av løyvingane. Me må ikkje gløyme innbyggjarane i distriktet, eller tilbod som allereie når ut til folk.
Epos må få halda fram med å gje tilbod til kommunar med ein vanskeleg økonomi og eit pressa kulturbudsjett. Om ikkje skuslar me vekk det finaste arvesølvet ein vestlending kan ha.
Signert av:
Maria Pile Svåsand, dagleg leiar, Litteraturbåten Epos
Hjørdis Losnedal, Litteraturhuset i Bergen
Anne Arnesen Mørch, Tekstallianse
Valgjerd Svarstad Haugland, Fossestiftinga
Ivar Chelsom Vogt, USF Verftet
Peder Lofnes Hauge, Noregs Mållag
Sivert N. Nesbø, Skrivekunstakademiet
Sissel Kristiansen, Forfattersentrum
Jorid Lekve Eide, Haugesenteret
Øyunn Viken, Kultur Vest
Ingvild Ystanes, Litteratutsymposiet i Odda
Ingrid Haug Erstad, Bergen Assembly
Jon Skjerdal, Nattjazz
Åsmund Kristiansen, Hardanger fartøyvernsenter
Trond Leirvik Onarheim - Falturiltu litteraturfestival for born og unge
Heidi Bøhagen, Bokbyen
Isak Steen-Olsen Teigland - Rommet
Inga Moen Danielsen, Tekstallmenningen
Leander Djønne, forfattar
Erlend O. Nødtvedt - forfattar
Gabriel Fliflet, musiker
Gunnar Staalesen, forfattar
Stig Holmås, forfattar
Adele Lerum Duus - regissør, skodespelar og forfatter
Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim, Jakob Sande senter for forteljekunst
Simone Stibbe, Skald forlag
Lina Taule Fjørtoft, skodespelar