Er det rimeleg med ny votering utan å opne for ny debatt?
Interpellasjon til ordføraren frå Bjørn Jacobsen SV
Kva skal til for å kunne krevje ny votering i ei sak i Molde kommunestyre?
Bjørn Jacobsen
Kommunestyrerepresentant SV, Molde
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Vi har fleire gong under kommunestyrets behandling av viktige saker opplevd at etter voteringa er avslutta i ei sak og etter at ny sak er tatt opp til behandling så har ordføraren tatt opp saka til ny votering.
Dette har vore grunna med at ein eller fleire representantar har votert feil. Ordføraren har og uttalt at han vil godta ny votering nesten uansett om nokken ber om det.
Det har vore fall der ny votering, med rimelegheit, kunne vore tolka som ikkje feil votering, men press frå gruppa eller andre på representanten for å snu resultatet av voteringa.
Skal det vere nokken grense for når og korleis ein kan krevje ny votering i ei sak?
Er det rimeleg med ny votering utan å opne for ny debatt?
Sidan ordføraren har uttalt ei liberal line her vil det då vere rimeleg at det er kommunestyret gjennom ei votering som bestemmer om saka skal opp på nytt til votering ?
Det er ordføraren si plikt å sjå til at voteringer går rett føre seg slik at kommunestyret og representantane si vilje kjem fram.
Korleis kan ordføraren legge opp voteringane på ein god og opplyst måte slik at representantane forstår korleis og kva dei skal stemme på for å få fram meininga si?
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal