Herold

Kathrine Brekke og Bente Mork fekk begge brystkreft i 30-åra – meiner mammografialderen må senkast

Kilde: NRK Author: Silje Steinnes Bjerknes Published: 2025-12-08 12:29:44
Fekk brystkreft i 30-åra: – Er avhengig av å finne det ut sjølv

Kathrine Brekke og Bente Mork var begge i 30-åra då dei fekk brystkreft. Dei meiner at alderen for mammografi burde vere lågare enn den er i dag.

Skilde seg ut

Vil ha lågare alder for mammografi

Blei kreftsjuke samtidig

Oppdaga ein kul i brystet

Tredje generasjon

Mork blei sjuk i mars.

Operasjon i 40-årsgåve

Vil ha endring

Ingrid Stenstadvold Ross, generalsekretær i KreftforeningenMeiner mykje talar for å senke grensa på mammografiprogrammet til 45 år.

Ingrid Stenstadvold Ross, generalsekretær i Kreftforeningen

Vurderer utviding

Mammografi

Les også

Fikk kreft fire ganger på seks år: – Går an å være lykkelig likevel

– Kreftfri, men ikkje frisk

Brekke og Mork har engasjert seg i den lokale brystkreftforeininga

– Skal ikkje stå aleine

Open og synleg

Brystkreft

Les også

Slik skal kreft­overlevere få bedre hjelp i framtiden

Les også

June var for ung til å få invitasjon til mammografi – fleire vil utvide aldersgruppa

– Verda di rasar jo saman. Så det var krisemaksimering.

– Eg kjenner jo folk som har døydd av brystkreft, så du tenker det verste: No skal eg døy, seier Bente Mork om då ho fekk påvist brystkreft 39 år gamal.

Kathrine Brekke nikkar bekreftande til det som blir sagt. Sjølv var ho 32 då ho oppdaga ein kul i brystet.

– Det verste var ventetida etter biopsien. Du går i to veker og håper i det lengste at det ikkje er så gale.

Dei to sit med kvar sin kaffikopp på ein kafé i Volda på Sunnmøre. Å møtast for å snakke med nokon som står i det same, har vore viktig.

– Å få sette seg ned og tømme seg for all driten og frustrasjonen, uansett kva det gjeld. Bente veit akkurat kva eg har vore gjennom, seier Brekke.

Mork og Brekke la først merke til kvarandre då dei fekk behandling på sjukehuset.

– Det er jo ikkje til å stikke under ein stol at vi sat der ilag med folk som var ein del eldre enn oss, seier Mork.

Brekke og Mork fekk verkeleg kontakt under Rosa Sløyfe-løpet i Volda i fjor. Møtet blei eit sterkt augeblikk. Sjølv om dei vektlegg at dei får mykje god støtte frå vennar og familie, har det vore viktig å snakke med nokon som har vore gjennom det same.

Norske kvinner i alderen 50 til 69 år skal få tilbod om mammografi annakvart år.

Mork og Brekke meiner alderen burde vere lågare.

Trass i at dei begge var i 30-åra då dei fekk brystkreft, trur dei ikkje det er realistisk å få ned alderen så mykje.

– Det burde i alle fall ha vore ned til 40 år, seier Mork.

– Sjølvsagt er det ein kostnad der og då. Men eg trur det på sikt kan spare samfunnet vesentleg med pengar, seier Brekke.

– Berre sjå på oss, vi er jo store utgiftspostar. Er sjukmelde og må ha masse behandling, legg ho til og ler.

Kreftdiagnosen fekk dei begge i fjor vår.

– Ein har jo ikkje eit tilbod om å sjekke seg så tidleg, så ein er avhengig av å finne det ut sjølv, seier Brekke.

Både ho og Mork vektlegg viktigheita av å sjekke seg.

Sveip for å lese meir.

Brekke oppdaga ein kul i brystet i april 2024, men hadde fram til då følt seg i bra form.

– Det var berre den eine kulen. Elles hadde eg ingen andre symptom og trente og gjekk på fjellet som normalt.

Både mora og bestemora til Brekke har hatt brystkreft, noko som fekk ho til å ta kulen på alvor.

– Trass i at begge har hatt det så er det ikkje arveleg, det har vi testa for, men du blir jo litt ekstra obs. Så når eg kjende kulen gjekk eg til lege, som henviste meg til mammografi.

– Eg var i dårleg form. Eg kjente at det var noko, men eg visste ikkje heilt kva, og var med lege fleire gongar.

– Eg hadde ei brystvorte som forandra seg, men eg visste ikkje at det var eit symptom. Og så kjende eg etter kvart desse kulane, seier Mork.

Prosessen frå dei fekk påvist kreft til behandling gjekk relativt raskt.

Begge har sidan vore gjennom cellegift, stråling og fleire operasjonar.

– Eg fekk operasjon til 40-årsdagen. Så det blei gåva mi, seier Mork og ler.

Meiner mykje talar for å senke grensa på mammografiprogrammet til 45 år.

Dei fleste europeiske land inkluderer gruppa 50–69 år i mammografiprogrammet.

Land som England, Nederland og Sverige inkluderer kvinner som er yngre og/eller eldre enn 50 og 69.

I seinare tid har EU og WHO kome med dokumentasjon på at organisert screening kan vere fordelaktig for kvinner i alderen 45 til 49 år og 70 til 74 år.

Stenstadvold Ross seier dei er sterkt bekymra for at stadig fleire kvinner under 50 år i Noreg er råka av brystkreft.

– Det er gode faglege grunnlag for å utvide målgruppa.

Generalsekretæren meiner at bruk av KI og persontilpassa screening gir eit stort potensial for betre og tidlegare behandling.

– Mammografi gjer at vi oppdagar kreftforma på eit tidleg stadium og reduserer dødelegheita. Om vi på ein trygg og god måte kan utvide tilbodet, vil det vere eit viktig steg for å førebygge kreft og redde liv.

Brekke og Mork ber folk som får tilbod om mammografi om å møte opp. Dei har opplevd å sitte på venteromma og at mange blir ropt opp utan å møte. – Vi skjøner at nokre synest det er skummelt, men det er skumlare å ikkje finne det ut før seinare, seier Brekke.

Helsedirektoratet er i gang med ein prosess der dei ser på mammografiprogrammet.

– Vi vurderer aldersgrupper der screening har best dokumentert effekt. Den helseøkonomiske analysen vurderer tre strategiar: 45–74 år, 45–69 år, 50–74 år, seier Marius Kuraas Skram i Helsedirektoratet.

– Kan det bli aktuelt å anbefale at kvinner ned til 40 år får tilbod om mammografi? – EUs ekspertgruppe for screening tilrår ikkje mammografiscreening for kvinner mellom 40 og 44 år. Vårt arbeid er ikkje ferdig, så vi kjem tilbake til kva vi tilrår.

Helsedirektoratet jobbar no med ei anbefaling. Der tek dei mellom anna utgangspunkt i ein helseøkonomisk analyse og ei etisk vurdering. Dei legg også vekt på utgreiingsinstruksen og prioriteringskriteria. – Utfordringane med tilgang på helsepersonell no og i åra som kjem er òg ein viktig faktor, seier Skram.

Etter planen skal Helsedirektoratet levere ein rapport og ei anbefaling til Helse- og omsorgsdepartementet våren 2026.

Den endelege avgjerda blir så fatta politisk.

Kjelde: Kreftforeningen

For Mork og Brekke ventar ti år med etterbehandling og oppfølging.

Dei vektlegg at sjølv om dei blir sett på som kreftfrie, er dei langt ifrå friske. Behandlinga har sett sine spor.

– Du får medisinar som gjer at du blir køyrt i overgangsalderen, og det er heftig. I tillegg er det biverknadane av medisinane, seier Mork.

– Eg ante ikkje at det var i etterkant eg måtte kjempe mest.

På fingeren har Mork tatovert ei rosa sløyfe, som eit teikn på det ho har vore gjennom og framleis er prega av.

Brekke seier at det var etter kreftbehandlinga at ho fekk den største realitetssjekken.

– Vi kan sikkert sjå friske ut når vi er ute blant folk. Men då har vi gjerne lege heile dagen før, eller så blir det rett heim på sofaen.

For dei har det vore spesielt viktig å nå ut til dei yngre som får sjukdomen.

– Eg vil vise at det ikkje berre er kvinner 60 +. Om det fører til at nokon sjekkar seg ein gong til, så er det gull verdt, seier Brekke.

For dei er det viktig at folk ikkje føler at dei står aleine i dette, seier Mork.

*– Det er ikkje for alle, men vi ønskjer å nå ut til dei som treng det og har lyst. *

Målet deira er å bli meir synlege og skape openheit.

– Samtidig er det lov å ta kontakt med oss om ein ikkje vil inn i foreininga, men berre treng nokon å lufte tankar med, seier dei to.

Kjelde: FHI og Brystkreftforeininga.

  • Blei kreftsjuke samtidigKreftdiagnosen fekk dei begge i fjor vår.– Ein har jo ikkje eit tilbod om å sjekke seg så tidleg, så ein er avhengig av å finne det ut sjølv, seier Brekke.Både ho og Mork vektlegg viktigheita av å sjekke seg.Sveip for å lese meir.
  • Oppdaga ein kul i brystetBrekke oppdaga ein kul i brystet i april 2024, men hadde fram til då følt seg i bra form.– Det var berre den eine kulen. Elles hadde eg ingen andre symptom og trente og gjekk på fjellet som normalt.
  • Tredje generasjonBåde mora og bestemora til Brekke har hatt brystkreft, noko som fekk ho til å ta kulen på alvor.– Trass i at begge har hatt det så er det ikkje arveleg, det har vi testa for, men du blir jo litt ekstra obs. Så når eg kjende kulen gjekk eg til lege, som henviste meg til mammografi.
  • Mork blei sjuk i mars.– Eg var i dårleg form. Eg kjente at det var noko, men eg visste ikkje heilt kva, og var med lege fleire gongar. – Eg hadde ei brystvorte som forandra seg, men eg visste ikkje at det var eit symptom. Og så kjende eg etter kvart desse kulane, seier Mork.
  • Operasjon i 40-årsgåveProsessen frå dei fekk påvist kreft til behandling gjekk relativt raskt. Begge har sidan vore gjennom cellegift, stråling og fleire operasjonar.– Eg fekk operasjon til 40-årsdagen. Så det blei gåva mi, seier Mork og ler.

  • Ingrid Stenstadvold Ross, generalsekretær i KreftforeningenMeiner mykje talar for å senke grensa på mammografiprogrammet til 45 år.

  • Mammografi er ei røntgenundersøking av brysta som kan oppdage brystkreft før sjukdommen gir symptom.

  • I Mammografiprogrammet i Noreg blir kvinner mellom 50 og 69 år invitert til å undersøke brysta annakvart år.
  • Kreftregisteret, som ligg under Folkehelseinstituttet, har ansvar for det norske Mammografiprogrammet.
  • Mammografiprogrammet har som mål å redusere dødelegheita av brystkreft og oppdage kreftsjukdommen tidleg.

  • Brekke og Mork har engasjert seg i den lokale brystkreftforeiningaFor dei har det vore spesielt viktig å nå ut til dei yngre som får sjukdomen.– Eg vil vise at det ikkje berre er kvinner 60 +. Om det fører til at nokon sjekkar seg ein gong til, så er det gull verdt, seier Brekke.

  • – Skal ikkje stå aleineFor dei er det viktig at folk ikkje føler at dei står aleine i dette, seier Mork.– Det er ikkje for alle, men vi ønskjer å nå ut til dei som treng det og har lyst.
  • Open og synlegMålet deira er å bli meir synlege og skape openheit.– Samtidig er det lov å ta kontakt med oss om ein ikkje vil inn i foreininga, men berre treng nokon å lufte tankar med, seier dei to.

📊 Metadata

Category: Møre og Romsdal, Kreft, Helse og livsstil, Helse, Helsesaker i Møre og Romsdal, Volda, Norge
OpenGraph Title: Kathrine Brekke og Bente Mork fekk begge brystkreft i 30-åra – meiner mammografialderen må senkast
Twitter Title: Kathrine Brekke og Bente Mork fekk begge brystkreft i 30-åra – meiner mammografialderen må senkast