Peter Frølich står fast: Avviser nestleiarvervet i Høgre
Peter Frølich avviser kategorisk at han er aktuell til nestleiarvervet – trass fleire appellar om at han må ombestemme seg.
Dette er saka
– Håpar han ombestemmer seg
Yngve Fosse (H), ordførar i Askøy
Bengt Solheim-Olsen (H), ordførar i Kinn
Vegard Bjørnevik (H), ordførar i Kvinnherad
Tom Georg Indrevik (H), ordførar i Øygarden
Les også
Distriktsopprør i Høgre: – Vil aldri akseptere tre frå Oslo
– Ser ikkje noko problem med å ha begge oppgåvene
Bernt Hagtvet
Stein Rokkan
Les også
Desse vil Distrikts-Høgre ha inn i leiinga
Les også
Nestleiar-jakta i gang: Dette skaper hovudbry for Høgre
Det teiknar til å bli ei ny Høgre-leiing utan vestlandsrepresentasjon etter at Peter Frølich trekte sitt kandidatur i helga. No blir det mobilisert langs kysten og rundt omkring i landet for å sikre geografisk spreiing i den nye leiartrioen – før Austlandet «stikk av» med heile potten.
– Eg skal vere heilt klar: Eg held fast ved det eg har vedtatt, seier Peter Frølich til NRK.
– Har du blitt oppfordra til å trekke kandidaturet ditt?
– Nei! På ingen måte.
Laurdag gav han valkomiteen beskjed om at verva som nestleiar ikkje samsvarer med å bli leiar av utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, og at det dessutan var «personleg viktig» for han å gi plass til Ola Svenneby i leiarkabalen.
Sidan har fleire partikollegaer langs kysten gitt uttrykk for at det er lov å ombestemme seg og at det «ikkje er for seint å snu».
– At mitt val også gir rom for eit så ekstraordinært politisk talent som Ola Svenneby som nestleiar, er personleg viktig for meg, seier Peter Christian Frølich.
*– Peter er den openberre kandidaten som etter mitt syn burde inn som nestleiar, og eg håpar han ombestemmer seg før landsmøtet, sa bergenspolitikar Eivind Nævdal-Bolstad (H) søndag formiddag. *
Måndag var NRK i kontakt med fleire ordførarar langs kysten som gav uttrykk for det same. Sjå under.
Eg er einig med Nævdal-Bolstad. PC er ein naturleg kandidat og håpar sjølvsagt han ombestemmer seg.
– Nærer du eit håp om at Frølich skal ombestemme seg?
– Ja. Så skjønner eg jo at det er kapasitetsproblem om han òg skal leie utanrikskomiteen på Stortinget, men vi får sjå.
Eg delar oppfatninga om at Frølich har ofra seg for den kortsiktige husfreden si skuld, og meiner framleis at han bør veljast til ein av to nestleiarar.
Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H) kallar det «eit feilsteg» at Frølich ikkje lenger er ein del av diskusjonen.
Kinn-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) trekker fram Erlend Svardal Bøe (som representerer Tromsø på Stortinget) som ein mogleg «joker» og vestlandsalibi i den nye Høgre-leiinga:
– Han er fødd og oppvaksen i Florø, og vestlending god som nokon.
Nordland Høgre vedtok søndag kveld at det ikkje er politisk berekraftig med tre «Oslo-representantar» i Høgre-leiinga.
Ein tilsvarande uttale blei send til valkomiteen frå Rogaland Høgre 26. november:
«Vi meiner derfor at Høgre treng ein leiartrio – og eit breiare leiarlag – som speglar heile landet. Dei siste åra har for mykje makt og gjennomslag vore konsentrerte rundt ein liten krets i Oslo.»
Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik meiner at det nye «distriktsopprøret» i partiet sender «eit tydeleg signal» om at valkomiteen har ein jobb å gjere:
– Frølich ville gjort ein god jobb som nestleiar og eg ser ikkje noko problem om han ville ha hatt begge oppgåvene (nestleiar pluss leiar av utanriks- og forsvarskomiteen, journ.anm..).
– Men da må han vere tydeleg på om han vil.
Bernt Hagtvet skal ha sagt at «I Noreg er konflikten mellom sentrum og periferi ofte sterkare enn kjønnsdrifta».
Stein Rokkan identifiserte sentrum-periferi som den definerande konfliktlinja i norsk politikk. No slår spørsmålet om geografisk representasjon inn i leiarkampen i Høgre.
I tillegg til ny leiartrio skal Høgre sette saman eit nytt arbeidsutval (AU).
Bergen-ordførar Marit Warncke (H) seier til NRK at toppleiinga «må ha ei betre geografisk spreiing» og at Vestlandet bør vere representert.
– PC er ein svært god kandidat, men om han har «ofra seg for husfreden» veit eg ingenting om.
Bergen-ordførar Marit Warncke (H) seier til NRK at toppleiinga «må ha ei betre geografisk spreiing» og at Vestlandet bør vere representert.
- NRK Yngve Fosse (H), ordførar i AskøyEg er einig med Nævdal-Bolstad. PC er ein naturleg kandidat og håpar sjølvsagt han ombestemmer seg.
- Oddgeir Sæle Bengt Solheim-Olsen (H), ordførar i Kinn– Nærer du eit håp om at Frølich skal ombestemme seg?– Ja. Så skjønner eg jo at det er kapasitetsproblem om han òg skal leie utanrikskomiteen på Stortinget, men vi får sjå.
- Høyre Vegard Bjørnevik (H), ordførar i Kvinnherad Eg delar oppfatninga om at Frølich har ofra seg for den kortsiktige husfreden si skuld, og meiner framleis at han bør veljast til ein av to nestleiarar.
- Benjamin Dyrdal Tom Georg Indrevik (H), ordførar i ØygardenØygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H) kallar det «eit feilsteg» at Frølich ikkje lenger er ein del av diskusjonen.