Lisa fekk psykiatrisk behandling utan medisin- no kan tilbodet forsvinne
Behandlinga er unik i landet, men no har ikkje helsefĂžretaket rĂ„d til det. â Det er frykteleg Ă„ fjerne noko som verkar, seier tidlegare pasient.
Saka oppsummert
Tilbod utan medisin
MĂ„ kutte i psykiatrien
Les ogsÄ
Nedbygginga av psykiatrien held fram: â Noko er alvorleg gale
MÞtast og tenner bÄl
(Oppsummeringa er laga av ein KI-teneste frÄ OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar fÞr publisering)
Lisa Lorentze Fausa Ramsvik nyt varmen i badstua. Kroppen blir avslappa og ho er til stades her og no.
Ein viktig teknikk ho har lÊrt seg under det Ätte veker lange opphaldet pÄ den psykiatriske klinikken i Vegsund i à lesund.
DÄ ho blei sjuk var lÊraren sikker pÄ at ho hadde mÞtt veggen.
Men same korleis ho prÞvde Ä balansere kvile og aktivitet kjendest alt berre tyngre og vanskelegare. Ho starta Ä gÄ til psykomotorisk fysioterapeut, som forstod at ho hadde psykiske problem.
à sitte i badstove fÄr ned stressnivÄet og verkar avslappande pÄ Lisa.
Ramsvik gjekk til psykolog eitt Ärs tid, utan at ho vart friskare som venta. FÞrst dÄ ho fekk tilbod om eit medikamentfritt behandlingsopplegg kom resultata.
Den skreddarsydde behandlinga tar imot 25â30 personar Ă„rleg, som fĂ„r psykologtimar, gruppetimar, fysioterapi og friluftsaktivitetar.
Under gruppetimane forstod Lisa at ho ikkje var Äleine om problema.
â Du fĂ„r treffe andre som plutseleg skjĂžnar kvarandre og snakkar same sprĂ„k, seier Ramsvik.
I to intensive mÄnader fekk ho heilskapleg behandling, der ho blei kjend med seg sjÞlv pÄ nytt og fekk styrke til Ä ta tak i problema.
Isbading fÄr Lisa til Ä vere mentalt til stades og er noko ho starta med etter at ho vart sjuk.
Helse MÞre og Romsdal er i ei Þkonomisk hengemyr og mÄ spare rundt 350 millionar kroner neste Är. Psykiatrien mÄ ta sin del, og det betyr at spesialtilbodet i à lesund truleg forsvinn.
*â *HelsefĂžretaket er i ein veldig krevjande Ăžkonomisk situasjon. Vi mĂ„ sjĂ„ pĂ„ alle delar av tilbodet vĂ„rt, ogsĂ„ i klinikk for helsevern og rus. Dette er eit av tiltaka vi ser pĂ„ for Ă„ spare pengane vi er pĂ„lagt.
Det seier Eirik MolvĂŠr som er avdelingssjef for DPS SunnmĂžre.
Eirik MolvÊr er avdelingssjef for DPS SunnmÞre. Han seier at psykiatrien mÄ ta sin del av dei store kutta til helsefÞretaket.
Han er trygg pÄ at pasientane skal fÄ eit anna behandlingstilbod, anten det er pÄ poliklinikk eller dÞgntilbod.
â Korleis samsvarer nedlegginga med regjeringa sitt mĂ„l om Ă„ styrke psykiatrien?
â Vi har dei pengane vi har, og mĂ„ vi bruke dei innanfor det tilbodet som vi kan drifte. Det mĂ„ gjerast endringar i framtida for mange delar av helsefĂžretaket, ogsĂ„ innanfor psykisk helsevern og rus, seier MolvĂŠr.
For Ramsvik har opphaldet i Vegsund gitt henne mange verktÞy ho kan bruke i kvardagen. Spesielt det som handlar om naturen. Framleis mÞter ho dei andre pasientane pÄ gruppa si fast. Dei gÄr tur og tenner bÄl. Slik fÄr dei gode samtalar.
Ho synest det er frykteleg at tilbodet skal leggast ned.
*â Det finst nesten ikkje ord for kor meiningslaust det er at dette skal forsvinne. Det er vondt Ă„ tenke pĂ„ at andre ikkje skal fĂ„ dette tilbodet, seier Ramsvik. *
Lisa og dei andre ho var saman med i Ätte veker pÄ DPS Vegsund mÞtast ein gong i veka. Ofte tenner dei bÄl.
Ho er overtydd om at det skreddarsydde opplegget gjorde henne mottakeleg for anna behandling. Ho har lÊrt seg Ä forstÄ kva utfordringar ho har og korleis ho kan bryte gamle mÞnster.
50-Äringen er no i ei anna behandling, og tÞr Ä hÄpe at ho etter kvart blir frisk igjen.
â Eg er ikkje laga for Ă„ surre langsmed. Eg vil bli frisk igjen og kome ut i jobb, seier Ramsvik.
Lisa har hÄp om Ä bli frisk att og kome seg i jobb.