Herold

Dette likte ikkje kontrollørane

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Sigrid Nese Thue Published: 2025-12-08 19:21:15
Dette likte ikkje kontrollørane

Køyrde med knekt fjør.

Under Statens vegvesen sin kontroll på Håbakken søndag kveld fekk føraren av eit vogntog påpeikt fleire tekniske manglar, mellom anna ei knekt fjør.

Eit anna vogntog som vart stoppa hadde lause skruar på svingkransen på tilhengaren. Begge førarane fekk kontrollseddel for dette.

I tillegg vart ein personbil avskilta då den mangla godkjent teknisk kontroll og to førarar av vogntog måtte lasta av til rett vekt, den eine fekk gebyr for overlast. Trekkbilen hadde også oljelekkasje frå motor.