Kva er eigentleg sant?
Plus
Ein kan nesten byrja å tru at kunnskap, ekspertise og forskingsbasert informasjon framleis har sin plass når me skal navigera her i livet? Det var spørsmålet eg måtte stilla meg sjølv etter at ein person i nær slekt hadde gjennomgått ei helsekrise, og eg- etter å blitt forelagt informasjon om sjukdomsbilete, symptom og etterfølgjande prøvesvar sto klar med diagnosen i anleggsarbeidarhanda mi. Klar til å overrekkje legane vurderinga eg hadde gjort i samråd med chat gpt.
Fasit: Eg bomma. Eg tok feil so det song, og sat tilbake med kunnskap og kunnskap om ein sjukdom eg aldri hadde høyrt om, og heller ikkje forstod mekanismen bak. Veldig rart. Eg hadde mange år på universiteta Facebook, Instagram og google, så eg fekk det ikkje til å rime.
Ytringsfridommen vår eg noko av det me held aller høgast i det offentlege ordskiftet, og med god grunn. Me er heldige som kan slenga rundt oss med det som fell oss inn utan å måtte frykte stort meir enn ei idioterklæring og nokre meir eller mindre vennlige forsøk på korrigering i kommentarfelta rundt om.
Men kva skjer når alle har ei stemme, og kan utnemne seg sjølv som ekspertar på det siste som fanga interessa deira basert på utdanninga dei har teke i sosiale media? Ein salig salat i ein labyrint det blir umogleg å navigera i, og då spesielt med tanke på dei yngste av oss. Dei som er ferske i livet på sosiale media. Dei som kanskje ikkje har gode nok verktøy for å utvise god kjeldekritikk. Kva vil eg med dette? Jo, det skal eg sei deg. Eg vil ha sanning.
Eg var heldig då eg bomma på diagnosen av personen i slekta mi, eg hadde trass alt berre proklamert konklusjonen min til mine aller næraste, og med det meiner eg kona mi. Fallhøgda var ikkje stor, og eg har framleis ein grei standing hjå ho. Ho ringjer nok helsesenteret før ho ringjer meg. Heldigvis.
Den årvakne lesar vil kanskje kjenna att namnet mitt etter tidlegare innlegg, og der har eg heldigvis betre dekning for ting eg har sagt. Eg veit med den største sikkerheit at ein god porsjon muskelmasse er svært viktig for god livskvalitet inn mot alderdommen. Det er forska på, det har me sett og det er sant. Eg veit at eit kosthald beståande av berre kjøt er mangelfullt, sjølv om mange sjølvutnevnte kosthaldsekspertar og ruslebiffar på tik-tok og Instagram vil fortelja deg noko anna. Eg veit at den objektive sanninga om at du ikkje er dine eigne tankar kan vere ein kjelde til enorm psykologisk frigjering. Det er forska på, det har me sett og det er sant.
Det er mange ting eg gjerne gaular frå taktoppane, og det skal eg fortsetta med, men då vil eg bruke rettesnora «Er dette sant?» Før eg kremtar og spyr utover og inn i alle kanalar. Diagnostisering av sjuke slektningar og vener har eg sett vekk til andre. Legar og sånt, veit du.
Me treng institusjonar me kan stola på, om det er snakk om vaksinar, kreftbehandling eller om kolesterol er farleg eller ikkje. Det har me i landet vårt. Me har alle eit ansvar for å sensurera oss sjølve, og kva me vel å seie når me har ei stemme som når ut til so mange har faktisk ein direkte verknad i verda.
Ta gjerne noko du brenn for, leit etter alle objektive sannheitar, so kan du gaula det frå taktoppane. Sanning og fakta må vera kompasset for eit fungerande samfunn.
Veit du ikkje kvar du skal byrja? Ta deg ein tur på trening, det gjer deg godt.
Det har me forska på, det har me sett og det er sant.