Herold

Til minne om Ervin Beheim

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Kollegaer i Nye FĂžrde sjukehus/Helse FĂžrde Published: 2025-12-09 11:43:44
Til minne om Ervin Beheim

Ervin Beheim, fĂždd 28. februar 1959, dĂžydde 21. november 2025.

Ervin starta i Helse FĂžrde i oktober 2019, og var prosjektleiar for utbyggingane Liva og Svana 1 ved FĂžrde sentralsjukehus.

Som leiar var Ervin opptatt av at dei som jobba i prosjekta skulle ta eigarskap til arbeidet og mÄlet. Han gjekk sjÞlv inn med full innsats, og vel sÄ det, og sette hÞge krav til prosjektet og Ä fÄ eit godt sluttresultat.

Dei Ära han jobba i Helse FÞrde vekependla han frÄ Hafslo og budde pÄ hybel i FÞrde. Han var pÄ jobb lange dagar, og stillte opp langt utover det ein arbeidsgjevar kunne forvente.

Han fekk sÄleis eit nÊrt forhold til mange kollegar i FÞrde, jobba mykje og engasjerte seg breitt. Han delte gjerne av si breie erfaring med dei som var interessert, men aldri pÄ ein pÄtrengande eller skrytete mÄte.

Fagleg ville Ervin aldri kompromisse med det han meinte mÄtte til for Ä oppnÄ eit godt resultat. Han kunne vere ein bestemt forhandlar, men var ogsÄ oppteken av at ting skulle gÄ skikkeleg fÞre seg, av folkeskikk og at det skulle vere rettferdig.

Ervin var ein lun og humĂžrfylt person - smilande, handlekraftig og dedikert. Likte Ă„ prate med folk, diskutere, allsidig, open og alltid interessert i nye lĂžysingar og lĂŠring.

Ervin var aldri brautande, men bidrog til Ă„ skape godt miljĂž og god stemning rundt seg.

Tankane vÄre gÄr til Ervin sine nÊraste, og vi lyser fred over Ervin Beheim sitt minne.

Lustringen Ervin lagar det stĂžrste bygget i Sogn og Fjordane