Herold

Valldalen-avtalen er ikkje ei gavepakke

Plus
Kilde: HF Author: Terje Husby, Røldal Published: 2026-06-13 22:27:00
Valldalen-avtalen er ikkje ei gavepakke

Å sikre Valldalsvegen er rett. Men Valldalen må forvaltast som meir enn ein anleggsveg inn til eit reguleringsmagasin, skriv Terje Husby.

Avtalen mellom RSK DA og Ullensvang kommune om tiltak i Valldalen kjem til kommunestyret 17. juni. Kommunestyret bør ikkje handsame dette som ei gåvepakke til Valldalsvegen, men som ein avtale om ansvar, avrekning og framtidig bruk av ein veg kraftaktøren sjølv treng.Valldalsvegen treng opprusting. Det er positivt at RSK vil betale pengar til vegen, vedlikehald og tiltak i Valldalen. Vegen har stor verdi for fleire enn dei som bur i Røldal: grunneigarar, hytteeigarar, jegerar, fiskarar, friluftsfolk, reiseliv og andre brukarar. Samtidig har vegen særleg betydning for Røldal som næraste lokalsamfunn.Valldalsvegen er ikkje berre lokal infrastruktur. Han er også viktig for kraftaktøren sitt eige tilsyn og framtidige vedlikehald rundt anlegga i Valldalen. Når RSK betaler, er det difor ikkje berre lokal kompensasjon. Det er også betaling inn i infrastruktur dei sjølve er avhengige av.

At RSK betaler, er positivt. Men kommunestyret må vurdere om avtalen får eit nødvendig vegbidrag til å sjå ut som større lokal kompensasjon enn det faktisk er.

Avtalen seier nemleg at dersom RSK seinare blir pålagt tilsvarande tiltak i vilkårsrevisjonen, skal pliktene etter avtalen justerast slik at det samla økonomiske omfanget blir det same. Då kan avtalen i realiteten fungere som avrekning, ikkje tillegg. Det er ikkje nødvendigvis feil. Men det må vere ærleg sagt.Før avtalen blir godkjend, bør kommunestyret særleg avklare tre ting.

For det første: Er 16,3 millionar kroner nok, og kva skjer dersom ramma eller tida ikkje strekk til?For det andre: Kva betyr det i praksis at vegen ikkje skal rustast opp for vinterbruk? I Røldal er vinter, snø, is og ferdsel del av kvardagen, beredskapen og reiselivet.For det tredje: Kva standard skal vegen frå E134 til Valldalsvatn dam tilbakeførast til etter anleggsarbeid, og kven har ansvaret?Å sikre Valldalsvegen er rett. Men Valldalen må forvaltast som meir enn ein anleggsveg inn til eit reguleringsmagasin.

🏷️ Extracted Entities (8)

Valldalen (entity) RSK DA (organization) Røldal (place) Valldalsvegen (entity) E134 (entity) Terje Husby (person) Ullensvang (entity) Valldalsvatn (entity)