Herold

To til sjukehus etter motorsykkelulykke i Aurland

Plus
Kilde: Firda Author: Ivar Bruvik Sætre Published: 2026-06-14 08:08:00
To til sjukehus etter motorsykkelulykke i Aurland

Begge sjåførane vart sende til sjukehus etter kollisjon på E16. Vegen er no opna att.

To motorsyklar kolliderte på E16 i Aurland søndag føremiddag. Det melde Vest politidistrikt klokka 10.06.

Ulykka skjedde på vestsida av Flenjatunnelen.

Politiet sin teori om kva som skjedde var at den eine sykkelen skulle bremse ned for å svinge av E16. Den andre sykkelen låg bak og skal då ha køyrt inn i den første MC-en, melder operasjonsleiar Bjarte Rebnord.

E16 vart stengd på grunn av ulykka, men opna att i 11.30-tida.

Alle naudetatar rykte til staden. Dei to involverte sjåførane var vakne og medvitne etter ulykka, men det er moglege brotskader hos begge to.

Den eine sjåføren vart frakta til Voss Sjukehus, den andre vart flydd til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse.

Bilbergar vart send til ulykkesstaden, som no er rydda.

Kart: Her skjedde ulykka

🏷️ Extracted Entities (8)

Aurland (place) E16 (entity) Bjarte Rebnord (person) Flenjatunnelen (entity) Haukeland (place) MC (entity) Vest (entity) Voss Sjukehus (person)