Herold

Mc-ulykke på E39

Plus
Kilde: Firda Author: Sanne Slåtten Published: 2026-06-14 12:28:32
Mc-ulykke på E39

Naudetatane er på veg til Lavik etter melding om trafikkulykke på E39.

Ein motorsykkel skal vere involvert.

Det melder politiet klokka 14.27.

Førar er frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse, melder politiet i ein oppdatering klokka 15.02.

Vedkommande er skildra som vaken, men skadeomfanget er ukjend. Føraren var ein mann i 60-åra.

Operasjonsleiar, Ole Ronny Olsen, opplyser til Firda at det er for tidleg å seie noko om årsaka til ulykka.

– Politiet er framleis på staden for å gjere undersøkingar og vi ventar på bergingsbil.

Klokka 15.55 melder politiet at dei har gjort seg ferdig på staden. Det er ingen mistanke om ruskøyring.

Politiet opprettar sak.

Kart: Her skjedde ulykka

🏷️ Extracted Entities (4)

E39 (entity) Haukeland (place) Lavik (place) Ole Ronny Olsen (person)