Herold

Tyrvinglekene: Tok EM-kravet på 3.000 meter

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Keth Odland Published: 2026-06-14 08:27:21
Tyrvinglekene: Tok EM-kravet på 3.000 meter

Leonora Utheim Svela sette ny solid pers på 3.000 meter under Tyrvinglekene i Bærum fredag. Tida 9:43,69 er under kravet for U18-EM.

Persane hennar står for fall omtrent kvar gong Leonora Utheim Svela (16) frå Bjerkreim stiller opp i eit løp. I mai sprang ho 3.000 meter på Ålgård på 9:56,99. I fredagens løp under Tyrvinglekene blei ho klokka inn på 9:43,69. Kravet for U18-EM er 9:44,0.

Årets friidretts-EM for utøvarar under 18 år blir arrangert i italienske Rieti 16. til 19. juli. Noreg kan melda på tre utøvarar per øving, men bare to kan delta. For Utheim Svela heng Italia-turen i ein litt tynn tråd då det foreløpig er to andre utøvarar som har betre tid enn henne.

Det er mogleg å kvalifisera seg fram til 5. juli.

Dobbel utklassingssiger av onkel og niese

🏷️ Extracted Entities (8)

Leonora Utheim Svela (person) Tyrvinglekene (entity) Bjerkreim (entity) Bærum (entity) Italia (entity) Rieti (entity) U18-EM (entity) Ålgård (entity)