Detaljregulering av Liahaugstølen handlar også om fjellandbruket!
Plus
Ordføraren sine ord og handlingar:
Vi las i avisa Valdres den 20. mai -26, at ordførar Bjarne Budal i Øystre Slidre, tala både fint og rett om betydninga av fjellandbruket. Ordføraren gjorde seg til talsmann for landbruket, og sa: «Vi har ikke råd til å miste èn eneste bonde» Dette seier han, som nyleg var med på å presse gjennom kommunestyret sitt vedtak om detaljregulering av Liahaugstølen – eit vedtak som vil påføre beitenæringa og stølsdrifta i området stor skade.
Då er det naturleg å spørje: Med denne handlinga, er Budal då ein påliteleg talsmann for landbruksnæringa?
Eit nytt inngrep i verdifulle beiteområde:
I fleire tiår har vi argumentert for å verne om beiteareala kloss inntil stølane her. For fjellandbruket og beitebrukarane her i nærområdet til Beitostølen, ville det beste vore om detaljreguleringa av Liahaugstølen til fritidsutbygging vart avvist og teken ut av arealplanen.
Utbygginga av Liahaugstølen opnar opp for å ta hol på eit heilt nytt og urørt LNFR-område. Her er dyrkbar jord og svært godt beite! Mange lokalt råka, er negative til utbyggingsplanane, og vil også sikkert klage på kommunestyrevedtaket. Kommunen har framleis høve til, for ei gong si skuld, å lytte til dei som dagleg driv fjellandbruk i området. Gjennom mange år har vi peika på konsekvensane av utbygginga. No må kommunen ta desse innvendingane på alvor og gjere om vedtaket.
Unesco-status forpliktar:
Stølsdrifta er no innskriven på Unesco si verdsarvliste. Det forpliktar også Øystre Slidre kommune til å ta vare på dei landskapa og driftsformene som ligg til grunn for denne kulturarven!
Det er avgjerande å hindre nedbygging med fritidsbustader, og den auka aktiviteten som vil koma attpå, som fylgje av dette, i nærområdet til stølsdrifta. I staden må området som er beite for bufeet etter «alders tids bruk», framleis vera tilgjengeleg for nettopp dette føremålet.
Turveg gjennom beiteområde:
Sperregjerdet må flyttast ned til dagens busetnad, likeins med utbyggingsgrensa. Like utanfor fjøsgrinda er det teikna inn ein seks meter brei turveg rundt Stølslie, som skal slyngje seg inn gjennom viktig beiteområde. Dette framstår som heilt unødvendig, og må takast ut av planen. Det finst så mange alternative og betre løysingar, som i langt mindre grad fører til konflikt. Likeins kan det på ingen måte stellast i stand ein 10- meter brei turveg / heilårsveg langsetter skiløypetraseen oppå myra ovanfor Stølslie og stølane. Stølsfolket og beitedyra skal ha ro og fred i sommarsesongen!
Matberedskap og kulturarv:
Nedbygging i og ved stølsområde er så øydeleggjande for ein viktig del av framtidig matberedskap, fjellandbruket, norsk kulturarv og naturmangfaldet!
Treng kommunen fleire hytter?
Øystre Slidre kommune har allereie store reservar av hyttetomter. Har kommunen verkeleg gjort ei reell vurdering av behovet for endå fleire fritidsbustader? Samstundes er situasjonen med nok reint vatn og avløp (VA) framleis uløyst. Utan tilfredsstillande VA-løysingar, er vidare utbygging vanskeleg å forsvare. Etter den omfattande utbygginga som har vore på og rundt Beitostølen dei siste åra, så er det oppsiktsvekkjande at kommunen framleis ikkje har hatt råd til å løyse VA-utfordringane tidlegare.
Dette let seg neppe løyse lettvint i åra framover, med strammare kommuneøkonomi.
Konflikt og svekt tillit:
Kommunen si konfliktskapande handsaming av mellom anna denne utbyggingssaka, har også ført til konflikt om løypekøyring og skapt mangel på tillit mellom beitebrukarar og kommunen i Ø. Slidre.
Dei som ynskjer å ta vare på naturen og beiteområda, opplever å bli overkøyrde av ein pågåande kommune med einsidige utbyggingsinteresser!
Fjellandbruket har ei framtid:
Samtidig blir det satsa vidare på landbruk- og stølsdrift i grenda. Nye tilbygg til driftsbygningane er under arbeid, og fleire nødvendige utbetringar av fjøs ligg på teiknebrettet!
Dette viser at fjellandbruket har ei framtid i området – og det er svært viktig at arealgrunnlaget blir teke godt vare på!
Med helsing Terje Hålimoen, Gudrun Sælid og Anne Hanslien, gard- og stølsbrukarar