To har blåst raudt så langt i helga
Plus
Vest politidistrikt melder om to separate tilfelle av mistenkt ruskøyring så langt i helga.
Det første tilfellet fann stad fredag på Fylkesveg 57 ved Isdalstø. Klokka 22.48 vart ein bil stansa av ein patrulje frå Utrykkingspolitiet (UP).
Operasjonsleiar Jan Børge Misje opplyser at føraren framstod som påverka, og vedkomande vart køyrd til legevakta for å ta blodprøve. Føraren vart dimittert i løpet av natta, og politiet har no oppretta sak på forholdet.
Laurdag klokka 18.20 stoppa politiet ein bil på Leknes-kaien.
– Føraren av bilen, ein mann i 30-åra, verka å vere alkoholpåverka, seier operasjonsleiar Ole Ronny Olsen.
Også denne mannen vart teken hand om av politiet og framstilt for blodprøvetaking.
🏷️ Extracted Entities (6)
Fylkesveg
(entity)
Isdalstø
(entity)
Jan Børge Misje
(person)
Leknes
(place)
Ole Ronny Olsen
(person)
Utrykkingspolitiet UP
(organization)