Herold

Romsdalskvinne svindla for millionar – dansk kvinne i 50-åra dømt

Kilde: NRK Author: Silje Steinnes Bjerknes Published: 2026-06-10 12:48:55 Last updated: 2026-06-10 14:28:29
Dømt for millionsvindel av romsdalskvinne

Ei romsdalskvinne i 70-åra blei lurt med til Tyrkia og svindla for millionar. No er ei dansk kvinne dømt til fengsel.

Det heile starta i februar 2025. Då skal den eldre kvinna ha blitt ringt opp av ein mann som hevda at han heitte «Pål» og var frå Kripos.

Kvinna skal ha fått beskjed om at nokon hadde vore inne på bankkontoane hennar, at ho måtte samarbeide for at pengane ikkje skulle gå tapt og ikkje kontakte nokon andre.

Ho skal også ha fått beskjed om at ei kvinne som heitte «Helle», som var frå Interpol, skulle komme for å hjelpe.

Dagen etter møtte ei dansk kvinne i 50-åra opp på døra hennar.

No er denne kvinna dømt til fengsel i to og eit halvt år i Nordmøre og Romsdal tingrett.

– Retten legg til grunn at bedrageriet er av ein alvorleg karakter. Det dreier seg om eit planlagt og systematisk bedrageri retta mot ein eldre og særleg sårbar person. Framgangsmåten har vore utspekulert og profesjonell, står det i dommen.

Kvinna er dømt for alle forholda ho var tiltalt for:

Dette var den danske kvinna tiltalt for:

  1. Straffelova §372, som gjeld grovt bedrageri:

    • Kvinna var tiltalt for å ha lurt fornærma, ei kvinne i 70-åra frå Romsdal, til å overlate bankopplysiningar og bankkort. Tiltalte skal ha nytta desse til å gjere banktransaksjonar som medførte tap eller fare for tap av nesten 4,6 millionar.
    • Ho skal ha møtt opp heime hos fornærma og hevda at ho var ei polititenestekvinne frå Interpol, fått fornærma til å tru at kontoane hennar var hacka og at ho måtte samarbeide for å få pengane tilbake, står det i tiltalen.
    • Under det påskot at ein skulle avdekke bedragarane som hadde tatt pengar frå fornærma, skal kvinna i 70-åra så ha blitt lurt til å overføre pengar, la bankkorta sine bli brukt og reise til Tyrkia.
    • Den fornærma skal ha blitt instruert til å ikkje kontakte familie eller andre, og å reise til Tyrkia utan å fortelje nokon kvar ho var.
    • I eit forsøk på å tappe fornærma sine kontoar ytterlegare, blei det søkt om lån i hennar namn på 985.000. Dette lykkast ikkje, står det i tiltalen.
    • Politiet meiner at forholda i dette tiltalepunktet har skjedd som ledd i aktiviteten til ei organisert kriminell gruppe.
  2. Straffelova §254:

    • Kvinna var tiltalt for fridomsrøving, fordi ho skal ha gitt fornærma instruksar om å ikkje forlate heimen sin i Romsdal og for å ha lurt ho med til Tyrkia.
  3. Straffelova § 165:

    • Kvinna i 50-åra var også tiltalt for å ha hevda å vere ein polititenesteperson.
    • Ho er også tiltalt for å ha medverka til at ein tredjeperson kunne late som om dei var ein polititenesteperson frå Kripos.
    • Politiet meiner dette har skjedd som eit ledd i aktiviteten til ei organisert kriminell gruppe.

Kvinna nekta straffskuld for alle tiltalepunkta.

Ankar saka

Forsvarar til den danske kvinna, Kenneth Leren, seier dei vil anke dommen.

– Ho er ueinig i dei faktiske premissane, rettsbruken og straffeutmålinga, seier han.

Leren legg til at arbeidet med å førebu ei anke startar no.

Kvinna nekta straffskuld gjennom heile rettssaka.

Den danske kvinna sin advokat, Kenneth Leren.

– Kriminell gruppe

Den danske kvinna er dømt for å ha medverka til ein millionsvindel, for å ha hevda ho var frå politiet og for å ha lurt med den eldre kvinna til Tyrkia.

Ho er dømt for eit grovt bedrageri som gjeld tap eller fare for tap av nesten 4,6 millionar kroner.

Kvinna er også dømt for å ha medverka til å ta opp lån på rundt ein million i den fornærma sitt namn.

Lovbrota skal ha skjedd som ledd i aktiviteten til ei organisert kriminell gruppe.

Kunne tapt heile formuen

I rundt ei veke hadde svindlarane tett kontakt med den eldre kvinna frå Romsdal, både på telefon og fysisk.

Under rettssaka forklarte den fornærma kvinna i 70-åra at ho fekk beskjed om å ta opp eit lån for å kjøpe ei leilegheit i Tyrkia.

Kvinna fekk forklart at det skulle vere med på å avsløre dei som hadde tatt pengar frå ho.

Den eldre kvinna fekk så beskjed om å reise til Tyrkia utan å fortelje det til nokon. I retten sa kvinna at ho følte ho ikkje hadde noko anna val enn å reise, dersom ho skulle få igjen pengane sine.

I retten fortalde den eldre kvinna at ho hadde tillit til personane ho var i kontakt med og trudde dei var frå politiet.

Rundt 3,4 millionar kroner forsvann ut av kontoen hennar. Dette skal ha blitt overført til ein tyrkisk konto. I tillegg stod ein million til forfall.

Retten meiner det er bevist at svindlarane instruerte den eldre kvinna i hennar kontakt med banken.

Dei har også sjølv kontakta banken og vore inne på bankkontoane hennar. Dette gjorde dei ved å få kvinna til å godkjenne førespurnadar i Bank-ID-appen.

Romsdalskvinna stod i fare for å miste nesten heile si oppsparte formue i svindelen. Politiet greidde å hente tilbake mesteparten av pengane som kvinna tapte.

Bistandsadvokat Peter Engebjerg og statsadvokat Jogeir Nogva.

Retten vektlegg at den eldre kvinna var under streng kontroll i ei veke.

Dei har også lagt vekt på den psykiske belastinga hendinga påførte den fornærma, særleg i ettertid.

– Ho var fråteke sin reelle fridom til å bevege seg som følge av eit konstruert narrativ skapt av gjerningspersonane, står det i dommen.

Her peiker retten på at kvinna var overtydd om at det var politiet ho var i kontakt med og at ho måtte gjere som dei sa.

Sjokkerte

Familien til den eldre kvinna oppdaga etter kvart at ho ikkje var i heimen sin i Romsdal. Då dei heller ikkje fekk kontakt med ho på telefon, blei dei bekymra.

Dei sjekka kartet i appen Snapchat og blei sjokkerte då dei såg at kvinna var i Tyrkia.

– Eg tenkte at det måtte vere ein feil. Så usannsynleg var det, forklarte dottera til den fornærma i retten.

Den eldre kvinna skjønte etter kvart at ho hadde blitt lurt og fekk hjelp til å kome seg heim.

Avslørt av handletur

Under rettssaka kom det fram korleis politiet hadde greidd å plassere den danske kvinna i Romsdal.

Mellom anna hadde den fornærma fortalt politiet at tiltalte hadde kjøpt fleire boksar med pålegget Nøtte, og tatt det med til huset hennar.

Pålegget Nøtte gjekk ut av produksjon i slutten av 2025.

Pålegget blei berre selt på enkelte butikkar. Politiet fann etter kvart eit kjøp på ein butikk i Molde som passa. Kvinna hadde betalt med kortet sitt og dermed kunne dei spore det.

I tillegg blei ho fanga på overvakingskamera.

Politiet greidde å knyte kvinna til Romsdal etter at ho hadde handla pålegget Nøtte og rundstykke på ein butikk i Molde.

Politiet fann også DNA-et til kvinna på fleire gjenstandar heime hos den fornærma.

Nekta straffskuld

I retten hevda den danske kvinna at ho aldri hadde vore med på svindelen.

Kvinna sa at ho berre skal ha reist til Noreg fordi ho hadde fått truslar frå bakmenn mot seg og eit familiemedlem.

Ho hevda også at ho prøvde å hjelpe den eldre kvinna. Denne forklaringa har retten ikkje trudd på, og dei meinte den var oppkonstruert.

Dommarane vurderte om kvinna skulle dømmast etter nødrettsparagrafen i straffelova, på grunn av truslane ho hevda ho hadde blitt utsett for.

Samtidig som dommarane ikkje kan utelukke at kvinna har vore utsett for press, så meiner dei at det ikkje var snakk om ein akutt tvangssituasjon der dei straffbare handlingane var einaste reelle utveg.

– Tvert imot har hennar bidrag vore egna til å mogleggjere og forsterke den straffbare verksemda, står det i dommen.

Politiet har ikkje greidd å identifisere personen som kalla seg «Pål» og sa han var frå Kripos.

Fornøgd med avgjerda

Den dømde må også betale romsdalskvinna rundt 140.000 kroner i erstatning, og sakskostnader på 15.000 kroner.

Bistandsadvokat Peter Engebjerg seier at dommen er i tråd med det han meiner er eit riktig resultat.

– Det er også ein godt formulert og grunngitt utgreiing for oppreisingserstatning, og korleis denne saka har påverka min klient.

Peter Engebjerg er bistandsadvokaten til kvinna i 70-åra frå Romsdal.

Dømt i Danmark

Tidlegare i år blei kvinna dømt, saman med andre, for liknande forhold i Danmark.

Ho har anka denne dommen og nektar straffskuld.

🏷️ Extracted Entities (27)

Romsdal (place) Tyrkia (entity) Dataangrep og hacking 📁 (category) Datasikkerhet 📁 (category) Kvinne frå Romsdal svindla for millionar 📁 (category) Møre og Romsdal 📁 (category) Nøtte (entity) Pensjon 📁 (category) Peter Engebjerg (person) Politi og kriminalitet 📁 (category) Politisaker i Møre og Romsdal 📁 (category) Rettssaker i Møre og Romsdal 📁 (category) Svindel 📁 (category) Danmark (place) Interpol (entity) Kenneth Leren (person) Kripos (entity) Molde (place) Pål (entity) Bank-ID (entity) DNA (entity) Helle (entity) Jogeir Nogva (person) Nordmøre (entity) Noreg (entity) Snapchat (entity) Straffelova §254 (organization)

📊 Metadata

Category: Møre og Romsdal, Kvinne frå Romsdal svindla for millionar, Politisaker i Møre og Romsdal, Rettssaker i Møre og Romsdal, Politi og kriminalitet, Svindel, Dataangrep og hacking, Datasikkerhet, Pensjon
OpenGraph Title: Romsdalskvinne svindla for millionar – dansk kvinne i 50-åra dømt
Twitter Title: Romsdalskvinne svindla for millionar – dansk kvinne i 50-åra dømt