Vil endre BSU-ordninga: – Har gått ut på dato
Mange unge slit med å få kjøpt seg bustad, og BSU-ordninga hjelper ikkje, meiner DNB.
Dette er saka
- DNB vil doble sparegrensene og skattefrådraget på BSU-ordninga.
- Frp vil i tillegg fjerne kravet om eigenkapital, slik at bankane sjølve kan vurdere kven som får lån.
- SV og Finansdepartementet meiner ordninga mest hjelper unge som allereie har god råd.
– Da eg skulle kjøpe bustad for første gong kom inntekta mi frå studielån og deltidsjobben min som servitør, fortel leiar for personmarknad Maria Ervik Løvold i DNB.
Ho har tatt turen til Gamlebyen i Oslo der ho kjøpte sin aller første leilegheit i 2003.
Da fekk ho låne heile kjøpesummen av banken.
Løvold kjøpte sjølv leilegheit her i Gamlebyen i Oslo.
Prislappen den gongen låg berre på éin million.
– Tenk på det, 48 kvadrat, stukkatur, bad, soverom og open stove-kjøkkenløysing, seier ho fornøgd.
Men Løvold merkar at fleire unge slit med å få kjøpt bustad no.
Ho meiner det er på tide med ei oppdatering av spareordninga for unge.
– Vi synest ordninga har gått litt ut på dato, seier DNB-leiaren.
Dette er dagens BSU-ordning
Vilkåra for å spare i ordninga Bustadsparing for ungdom (BSU) har vore i endring sidan 1992.
Dette er reglane i dag:
- Du kan spare til og med året du fyller 33 år.
- Du kan sette inn maks 27.500 kroner i året.
- Maksbeløpet du kan ha på kontoen er 300.000 kroner pluss renter.
- Du kan berre bruke pengane til å kjøpe bustad.
Dette er fordelane:
- Skattefrådrag: Du får 10 prosent på summen du set inn kvart år, maksimalt 2750 kroner.
- Høg rente: Renta er flytande, men akkurat no ligg ho mellom 4,25 og 6,40 prosent avhengig av kva for bank du har.
Kjelde:Skatteetaten
Vil doble alt
– Ei leilegheit på 50 kvadratmeter kostar oppunder 5 millionar no. Da må ein ha ein halv million i eigenkapital, seier ho.
I dag er det eit krav om at alle som vil ha bustadlån må ha spart opp 10 prosent av kjøpesummen.
Løvold meiner BSU ikkje hjelper unge med å kjøpe seg stad å bu.
Derfor vil ho både doble maksgrensa og auke skattefrådraget tilbake til 20 prosent.
Først da meiner ho at BSU blir eit tiltak som kan hjelpe unge inn på bustadmarknaden.
– Dei treng eit ordentleg skattefrådrag, å få lov til å spare meir kvart år og at totalbeløpet heng saman med prisutviklinga vi har sett i dei store byane, meiner ho.
– No kostar leilegheitene fem gonger så mykje som da eg kjøpte, men lønna har ikkje auka like mykje, seier Løvold.
I 2023 senka Støre-regjeringa skattefrådraget til 10 prosent.
Dette fall ikkje i god jord hos Framstegspartiet (Frp), som nyleg bad regjeringa om å auke frådraget igjen.
– Det er heilt meiningslaust at regjeringa har valt å kutte i BSU-ordninga. Vi vil gjere det enklare å oppfordre unge til å spare pengar, seier stortingsrepresentant Erlend Wiborg (Frp).
Stortingsrepresentant Erlend Wiborg (Frp) vil legge til rette for at unge får maks ut av å spare til bustad.
Foreldrebanken
Wiborg peiker på at mange treng hjelp av foreldra sine for å få kjøpt bustad.
– Dei som ikkje har foreldre som kan hjelpe til, slit ekstra mykje.
Også Løvold i DNB ser at dei fleste må ha hjelp av foreldra til å kjøpe bustad, spesielt etter kravet om eigenkapital kom i 2011.
– Venninna mi lånte faktisk 110 prosent av kjøpesummen, for ho måtte ha pengar til sofa, seier Løvold.
– Det er ikkje gitt at vi skal heilt tilbake dit at folk kan låne heile kjøpesummen, men den gongen såg bankane at vi både hadde betalingsvilje og evne, fortel Løvold.
Samstundes ønsker Frp seg at reglane blir som dei var før.
Med sitt liberale økonomisyn meiner dei at det skal vere heilt opp til bankane kven som skal få lån og ikkje.
Derfor vil dei fjerne kravet om eigenkapital heilt.
– I dag er det sånn at mange menneske kan betale 25.000 kr i husleige, men bli nekta eit bustadlån på 20.000, og det meiner vi ikkje heng på greip.
– Feil bruk av pengar
Men kva som er riktig tiltak for å hjelpe unge inn på bustadmarknaden, er politikarane ueinig i.
– Vi meiner det å bruke pengar på å auke BSU-ordninga er feil politikk, seier finanspolitisk talsperson Marthe Hammer i SV.
Finanspolitisk talsperson Marthe Hammer i SV vil heller bruke pengar på å styrke den statlege Husbanken enn BSU-ordninga.
Ifølge SV bidrog ordninga mest til at dei som allereie hadde god råd, fekk enda betre råd.
– Men er det problematisk at unge får gode sparevilkår?
– Det er veldig viktig at unge får gode sparevilkår, men da må vi gjere det på ein sånn måte at dei som treng det mest faktisk får dra nytte av det, seier Hammer.
Om partiet fekk bestemme skulle ordninga helst vore kutta.
– No har bustadprisane løpt så løpsk at vi ikkje kan kompensere det med ei bustadsparing for ungdom-ordning, seier Hammer som heller vil styrke Husbanken.
NRK har prøvd å få ein kommentar frå Finansdepartementet sidan måndag, men dei har ikkje kunna svare over telefon eller møtast fysisk til intervju.
I staden for skriv statssekretær Ellen Reitan mellom anna dette i ein e-post til NRK:
«BSU er ei innarbeida ordning som lønner unge som sparer til eigen bustad, og regjeringa ønsker å vidareføre ho. Ho kjem mest til gode for dei som allereie kan spare opp mot maksimalgrensene, samstundes som ho kostar i tapte skatteinntekter.»
Reitan viser altså til om ordninga blir utvida, og held fram:
«Frp sitt forslag kan forsterke desse svakheitene framfor å rette dei opp. Ein auke i satsen for skattefrådraget gir størst gevinst til dei som kan spare mest, og fjerning av eigenkapitalkravet vil svekke eit viktig tiltak for å sikre at gjelda i norske hushaldningar ikkje blir for høg.»