Herold

Den tidlegare kommunedirektøren i Frosta: – Vi kunne ha stoppa det, men ingen gjorde noko

Kilde: NRK Author: Sunniva Skurtveit Published: 2026-06-11 05:00:03
Den tidlegare kommunedirektøren i Frosta: – Vi kunne ha stoppa det, men ingen gjorde noko

I ein ny podkast fortel Endre Skjervø at han ikkje blei informert om dei tidlegare varsla mot Arne Bye.

– Kommunen visste om det, noterte det og la det i eit arkiv. La det bort og følgde det ikkje opp.

Det seier Endre Skjervø i podkasten «Frosta-legen. En varslet katastrofe».

Skjervø var kommunedirektør i Frosta frå juli 2020, og fortel at han ikkje blei informert om varsla som hadde kome mot Arne Bye i 2006 og 2017.

– Vi kunne ha stoppa det då, men ingen gjorde noko, seier han i podkasten.

Når NRK spør kven vier, svarar Skjervø at han snakkar i overført tyding:

– Altså, Frosta kommune som organisasjon, men også statsforvaltar og fylkeslegeembetet, og også Statens helsetilsyn. Ein kan jo spørje seg om det er ei systemsvikt som gjer at dette gjekk som det gjorde.

Statens helsetilsyn, Statsforvaltar og fylkeslegen i Trøndelag har tidlegare uttalt til NRK at dei har endra korleis slike saker blir behandla og at saka truleg ville ha blitt behandla annleis i dag:

Ønsker å bidra til at det ikkje skjer igjen

Skjervø har ikkje tidlegare ønska uttale seg i media – før han no snakkar ut i podkasten frå Gyldendal og Fabel.

– Eg har brukt lang tid på å tenke meg om og kjenne litt på viktigheita av å bidra til at vi som samfunn ikkje hamnar i ein same situasjonen igjen, forklarar han til NRK.

Han seier at han ønsker å bidra til læring og meir openheit i samfunnet.

– Vi veit jo at det skjer nye overgrep der tillitspersonar, folk med makt eller helsepersonell forgrip seg på folk. Og då ønsker eg å bidra til at vi kanskje klarer å stoppe dei tidlegare.

– Er det å vere med i denne podkasten og fortelje ditt perspektiv, er det eit forsøk på å reinvaske seg sjølv?

– Nei. Overhovudet ikkje. Føremålet mitt er å få belyst saka sett frå min ståstad. Lette på sløret med tanke på kva som skjedde bak kulissane, forklarar han.

Og bak kulissane, i Frosta kommune, viste det seg å vere stor usemje rundt saka.

Endre Skjervø saman med Marte Spurkland som er programleiar i podkasten.

Den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta, Arne Bye, er dømd til 16 år i fengsel for 70 valdtekter og 82 tilfelle av å ha misbrukt si stilling for å oppnå seksuell omgang.

Han er i tillegg under etterforsking for 169 nye forhold.

Bye ønsker ikkje å kommentere saka.

– Fleire offentlege instansar har hatt mogelegheit til å stoppe han

Skjervø fortel at han ville at kommunen skulle vere open og snakke om saka, medan ordføraren ikkje ønska dette.

– Det blei jo ekstra krevjande når vi var såpass ueinige om realitetane i saka, i alle fall i starten. Også med tanke på måten ein skulle kommunisere saka.

Ordførar Frode Revhaug og dåverande kommunedirektør Endre Skjervø på ei pressekonferanse om Frosta-saka.

Han fortel at bygda, og kommunen, blei splitta i dei som trudde på dei fornærma kvinnene, og dei som ikkje gjorde det.

– Når du snakkar om denne usemja med politisk leiing, meiner du at til dømes ordføraren har skuld i at overgrepa ikkje blei stoppa før?

– Nei. Overgrepa er det berre ein person som har skuld i, og det er Arne Bye, svarar Skjervø.

Den tidlegare kommunedirektøren seier han ønsker ei grundig, offentleg gransking om saka og korleis det kunne skje.

– Det er beviseleg sånn at fleire offentlege instansar har hatt mogelegheit til å stoppe han tidlegare og ikkje gjorde det. Og så kan ein spørje seg om kvifor. Det har ikkje eg svaret på.

Jeg registrerer at personer med ulike roller i saken har ulike opplevelser og vurderinger av denne perioden.

Frode Revhaug Ordfører, Frosta kommune

Ordførar i Frosta, Frode Revhaug, skriv i ein e-post til NRK at han ikkje ønsker å kommentere saka, utover ei generell uttale han har gjeve til Gyldendal.

Han skriv vidare at alle vurderingar blei gjort ut frå informasjonen som var tilgjengeleg på det tidspunktet og innanfor rammene av ei pågåande og svært alvorleg sak.

Jeg mener det viktigste fortsatt er å vise respekt for de berørte, bidra til læring og arbeide for at Frosta skal være et åpent og trygt lokalsamfunn også videre framover.

Frode Revhaug Ordførar i Frosta kommune

Les heile kommentaren frå Frode Revhaug

I ein e-post til NRK Frode Revhaug at han ikkje ønsker å kommentere saka, noko meir enn det han har allereie har gjeve til Gyldendal.

Denne kommentaren har han også sendt til NRK.

Han ønsker ikkje å kommentere enkeltpåstandar som kjem fram og presiserer at det framleis er ei pågåande sak mot Arne Bye.

I ein generell kommentar til Gyldendal skriv han:

«Arne Bye-saken har rammet mange mennesker hardt, og mitt hovedfokus har hele tiden vært de berørte og hvordan Frosta kommune skulle håndtere en ekstraordinær og dypt alvorlig situasjon best mulig. Det grunnleggende ansvaret i denne saken ligger hos Arne Bye og de alvorlige handlingene han er tiltalt og dømt for.

I en så kompleks krise vil personer i ulike roller kunne oppleve situasjoner, kommunikasjon og beslutninger forskjellig. Det har også vært ulike vurderinger underveis. Jeg registrerer at personer med ulike roller i saken har ulike opplevelser og vurderinger av denne perioden.

Samtidig vil jeg understreke at alle vurderinger som ble gjort, ble gjort ut fra den informasjonen som forelå på det tidspunktet og innenfor rammene av en pågående og svært alvorlig sak.

Gjennom hele perioden hadde Frosta kommune dialog og samarbeid med blant annet politi, Statsforvalteren, Helsetilsynet, Ukom, RVTS, NOK, Trondheim kommune, Levanger kommune og juridisk kompetanse utenfra. Vurderingene ble gjort i samspill med eksterne fagmiljøer og andre offentlige instanser.

Frosta kommune har ansvar for å sikre trygge og gode helsetjenester til innbyggerne. Jeg mener det viktigste fortsatt er å vise respekt for de berørte, bidra til læring og arbeide for at Frosta skal være et åpent og trygt lokalsamfunn også videre framover.»

Sa opp på grunn av usemje rundt Frosta-saka

Like før rettssaka mot Arne Bye starta i Trøndelag tingrett i november 2024, sa Skjervø opp jobben som kommunedirektør i Frosta.

I oppseiinga si skreiv Skjervø at samarbeidet mellom han og ordføraren i Frosta var for krevjande til at han kunne halde fram i jobben.

Skjervø seier at han er imponert over kvinnene som har stått fram og at han heile tida har hatt eit behov for å støtte og hjelpe dei.

– Korleis var omsynet til dei fornærma då du valde å seie opp stillinga di, berre dagar før rettssaka starta?

– Usemja mellom politisk og administrativ leiing blei berre meir og meir tydeleg, også internt. Det blei vanskeleg å få gjort dei grepa eg meinte vi måtte gjere. Og til slutt blei det heilt uleveleg for meg å stå i det, svarar han.

Om lag eit halvt år etter at Skjervø var ferdig i stillinga si som kommunedirektør, sa nok ein person opp stillinga si i Frosta kommune:

🏷️ Extracted Entities (13)

Frosta (entity) Arne Bye (person) Endre Skjervø (person) NRK Frode Revhaug (organization) Gyldendal (place) Norge 📁 (category) Trøndelag 📁 (category) Trøndelag (entity) Fabel (entity) Marte Spurkland (person) Ordførar Frode Revhaug (person) Statens (entity) Statsforvaltar (entity)

📊 Metadata

Category: Trøndelag, Frosta-saken, Rettssaker (Trøndelag), Norge, Frosta