Herold

EU-strategi om framtida for olje og gass i Arktis

Kilde: NRK Author: Eivind Molde Published: 2026-06-11 09:35:42 Last updated: 2026-06-11 12:54:52
StĂžre-kamp mot EUs oljebrems i Arktis

Kampen om framtida til olje og gass frÄ Arktis spissar seg til. I dag er Jonas Gahr StÞre (Ap) i Brussel for Ä pÄverke EUs Arktis-strategi.

Skal Noreg kunne drive med olje- og gassutvinning i dette omrÄdet med EU si velsigning? Eller vil EU setje foten ned?

Det spÞrsmÄlet blir avklart til hausten. EU-byrÄkratar sit no i ein intens innspurt i mÞteromma i Brussel.

Villy SĂžvndal, Europaparlamentet.

– Vi ser korleis klimaet gĂ„r fullstendig amok akkurat no. Eg meiner at EU ikkje mĂ„ forlate sitt nei til olje- og gassverksemd i Arktis, seier Villy SĂžvndal, medlem av Europaparlamentet og tidlegare utanriksminister i Danmark.

– Men treng ikkje Europa meir olje og gass i ei uroleg verd?

– Eg synest ikkje vi skal la hendingar her og no diktere ei utvikling som gĂ„r baklengs, svarar SĂžvndal.

I september skal ein oppdatert versjon av EUs Arktis-strategi vere klar.

FÞrre oppdatering kom i 2021. Her vedtok EU Ä jobbe for ein mellombels stans for olje- og gassutvinning i Arktis, eit sÄkalla «moratorium».

Energiminister Terje Aasland klipper snora pÄ Johan Castberg-feltet saman med Iver Henning i Equinor.

– Ikkje EU som avgjer

Statsminister Jonas Gahr StÞre (Ap) har tidlegare bede EU revurdere sitt nei. Torsdag landa StÞre i Brussel, og fÞrst pÄ planen stod mÞte med Jyrki Katainen, EUs spesialrÄdgjevar for Arktis, og Jozef Sikela, EU-kommissÊr for internasjonale partnarskap.

EU sin strategi stÄr i skarp kontrast til hÄpet regjeringa har om Ä utvinne gass i Barentshavet og frakte gassen i rÞyr til det europeiske kontinentet.

Dette har blitt eit hÞgaktuelt tema etter at etterspurnaden frÄ EU har auka som fÞlgje av Russland sin angrepskrig mot Ukraina og stenginga av Hormuzsundet.

– Kvifor þnskjer du at EU legg bort sitt nei til olje- og gassverksemd i Arktis?

– Eg Ăžnskjer at EU har eit regelverk som stemmer med den verda EU er ein del av. EU fĂ„r i dag betydelege mengder med energi frĂ„ Arktis. Vi er dei fĂžrste til Ă„ seie at vi mĂ„ ha ei berekraftig miljĂžinnretning pĂ„ alt vi gjer i Arktis, for det er eit sĂ„rbart miljĂž. Men i framtida vil energi frĂ„ Noreg i betydeleg grad komme frĂ„ Arktis. Eg opplever at europeiske leiarar forstĂ„r det, seier StĂžre.

Jonas Gahr StÞre i mÞte med EU-toppar som er med pÄ forme ut EUs arktiske strategi.

– Har du fĂ„tt nokon lĂžfte om at EU seier ja til olje og gass i Arktis?

– Det er ikkje EU som avgjer kvar vi utviklar olje- og gassverksemda vĂ„r. Eg har respekt arbeidet med strategien. Og eg bidreg med kunnskap om kva Noreg representerer, og om kva som er Arktis. Vi samarbeider i dag pĂ„ mange omrĂ„de med EU i klimapolitikken.

Skipet «Johan Castberg» pÄ plass i Barentshavet, rundt 240 kilometer nordvest for Hammerfest.

– Viktig for klimaet

Rasmus Andresen representerer partiet Dei grĂžne i Europaparlamentet. Han meiner det vil vere ein stor feil Ă„ halde fram med olje- og gassaktivitet i Arktis.

Rasmus Andresen, Europaparlamentet.

– BĂ„de freden og klimaet vi tene pĂ„ eit nei. Eg vil gjerne snakke med den norske statsministeren og dei store energiselskapa om korleis dei kan finne alternative lĂžysingar, seier han.

Etter at StĂžre hadde mĂžtt EUs utanrikssjef Kaja Kallas i februar, sa han fĂžlgjande til NRK:

– Eg har mint Kallas pĂ„ at den auka energitransporten frĂ„ Noreg til EU kjem frĂ„ Arktis. Den kjem frĂ„ MelkĂžya, frĂ„ Hammerfest. SĂ„ EU mĂ„ tenkje gjennom dette nĂ„r dei no seier at dei vil ha eit moratorium, dei vil ikkje ha energi frĂ„ Arktis. DĂ„ kjem dei i ein skvis. Det trur eg dei ser, at dei treng den gassen for sin eigen stabilitet og tryggleik.

– Ikkje eit svar pĂ„ energikrisa

Men det er ikkje berre blant EU-politikarane at regjeringa og energiselskapa mĂžter motstand.

I mai sende over 120 samfunnsaktÞrar eit ope brev, der dei bad EU halde dÞra stengd for ny olje og gass frÄ Arktis. Nordisk senter for bÊrekraftig finans og danske Sampension tok initiativ til brevet.

Det er skrive under av ei lang rekkje bedrifter, fagforeiningar, forskarar, organisasjonar og tankesmier, inkludert 12 finansinstitusjonar.

Her finn vi ogsÄ kjende namn som Jens Ulltveit-Moe, Eva Joly og Connie Hedegaard.

KLP er blant dei som skreiv under.

Heidi Finskas, KLP.

– Som pensjonsselskap er vi opptekne av langsiktig verdiskaping. Og med dette brevet Ăžnskjer vi Ă„ peike pĂ„ at det er hĂžg risiko nĂ„r det gjeld utvinning av olje og gass. Det er hĂžg finansiell risiko og det er hĂžge investeringskostnader. Dessutan kjem det ikkje ny energi derifrĂ„ ut i marknadene fĂžr pĂ„ 2040-talet, sĂ„ dette er heller ikkje eit effektivt svar pĂ„ den energikrisa som vi stĂ„r i akkurat no.

Det seier Heidi Finskas, direktĂžr for berekraft i KLP.

– Stor klimarisiko

Noreg har allereie lyst ut store areal for leiting i Barentshavet, mot miljÞfaglege Ätvaringar. OmrÄdet blir av mange sett pÄ som framtida for norsk olje og gass, men forskarane seier tydeleg at Arktis blir varma opp rundt fire gonger raskare enn resten av verda, og at bruk av fossil energi ei viktig Ärsak til den globale oppvarminga.

Heidi Finskas understrekar at Arktis er eit veldig sÄrbart omrÄde.

– Vi vurderer klimarisikoen som stor. Som langsiktig global investor er det i vĂ„r interesse at global oppvarming blir avgrensa sĂ„ mykje som mogleg, fordi den vil svekke avkastninga pĂ„ sikt. Og nye prosjekt i Arktis dreg i motsett retning, fordi dei bidreg til hĂžge utslepp over tid, framfor ei omstilling til alternative energikjelder.

OgsÄ ei rekkje miljÞorganisasjonar har engasjert seg i spÞrsmÄlet om EUs strategi for Arktis.

Blant dei er WWF Verdas naturfond, som ogsÄ skreiv under pÄ brevet til EU.

– Det er eit veldig stort engasjement, med rette, fordi dette vil jo avgjere framtida til Arktis, rett og slett.

Det seier generalsekretÊr Karoline Andaur. Ho er klar pÄ at det ikkje mÄ setjast i gang ny leiting etter olje og gass i Arktis.

– BĂ„de pĂ„ grunn av klimaendringar og det sĂ„rbare marine miljĂžet, samtidig som Noreg altsĂ„ Ăžnskjer Ă„ lĂ„se norske skattebetalarar sine pengar til ulĂžnnsame prosjekt for framtida, seier Andaur.

Barentshavet i fokus

Den oppdaterte EU-strategien skal blant anna fokusere pÄ tryggleik, tilgang pÄ kritisk viktige rÄvarer, klima og miljÞ.

EU-kommisjonen har fÄtt 1.640 innspel i arbeidet med strategien.

Den norske regjeringa sende innspela sine til strategiarbeidet i slutten av mars.

Dei Ätte arktiske statane er Noreg, Russland, USA, Canada, Island, Danmark (med GrÞnland), Sverige og Finland. EU definerer Arktis som omrÄda nord for polarsirkelen.

Barentshavet og omrÄda nord i Norskehavet er dermed ein del av norsk Arktis.

đŸ·ïž Extracted Entities (46)

Arktis (entity) EU (entity) Noreg (entity) Europaparlamentet (entity) Jonas Gahr Stþre Ap (person) Arktis 📁 (category) Barentshavet (entity) Brussel (entity) EU 📁 (category) Fra NRKs klimaredaksjon 📁 (category) Heidi Finskas (person) Klima og miljþ 📁 (category) Olje og gass 📁 (category) Olje og gass i Barentshavet 📁 (category) Stþre (entity) Villy Sþvndal (person) Castberg (place) Danmark (place) Hammerfest (entity) KLP (entity) Kaja Kallas (person) Karoline Andaur (person) Rasmus Andresen (person) Russland (place) Canada (entity) Connie Hedegaard (person) Dei (entity) Equinor (entity) Europa (entity) Eva Joly (person) Finland (place) Grþnland (place) Hormuzsundet (entity) Island (place) Iver Henning (person) Jens Ulltveit-Moe (organization) Jozef Sikela (person) Jyrki Katainen (person) Melkþya (entity) Norskehavet (entity) Sampension (entity) Sverige (entity) Terje Aasland (person) USA (entity) Ukraina (entity) WWF Verdas (organization)

📊 Metadata

Category: Klima og miljĂž, EU, Fra NRKs klimaredaksjon, Olje og gass, Arktis, Olje og gass i Barentshavet
OpenGraph Title: EU-strategi om framtida for olje og gass i Arktis
Twitter Title: EU-strategi om framtida for olje og gass i Arktis