Andreas (33) ventar framleis på trygg veg 17 år etter ulukka: – Blir oppgitt
Eit milliardprosjekt til 400 innbyggjarar på Atløy kan bety stopp for andre vegprosjekt. Andreas må framleis trilla barnevogn på ulykkesvegen.
– Eg kjenner meg liten når eg går her med vogn, seier Andreas Nedreskår.
Han hadde gledd seg til utbetring av den smale og svingete fylkesvegen i Skånevik i Etne.
Dette er ei vegstrekning som rett og slett kunne ha drepe han for 17 år sidan.
Han kom rundt ein uoversiktleg sving på mopeden. Der stod to bilar utan moglegheit til å passera kvarandre.
– Eg rakk ikkje å bremsa, så eg trefte rett i den eine bilen, fortel Andreas.
Skadane var omfattande. Han brakk foten og delar av hofta. Luftambulanse frakta han til Haugesund. I tre veker låg han på sjukehus og måtte gjennom fire operasjonar.
Fortsatt går han same veg. No med barnevogn.
Men han går her berre når han må.
For vegen er like farleg.
Kan stoppa fleire vegprosjekt
Vegen i Skånevik er smal, utan midtstripe.
Det er uoversiktlege svingar og ingen fortau.
Slik kan det bli i lang tid framover.
– Då eg var liten, var denne vegen veldig farleg. Og no har trafikkbiletet endra seg ein del sidan den gong med meir trafikk, så det bør absolutt gjerast noko, seier han.
Eit bruprosjekt til Atløy lenger nord i Vestland kan stoppa fleire andre prosjekt i fylket i mange år.
Mellom anna utbetring av fylkesvegen til Skånevik.
Årsak: Prislappen blir for høg.
Det kan bety at Andreas sin son, Daniel, i framtida må bruka den farlege vegen.
– Det er litt kjedeleg at han ikkje har den fridomen å kunna sykla og besøka vener. At vi må køyra når vi skal den korte vegen til Skånevik, seier han.
Eit bruprosjekt til Atløy kan stoppa fleire andre prosjekt i fylket i mange år. 12 fylkesvegprosjekt i Vestland har ikkje lenger har finansiering til å bli gjennomførte.
Stor frustrasjon hos ordføraren
Ei oversikt NRK har fått, viser at 12 fylkesvegprosjekt i Vestland ikkje lenger har finansiering til å bli gjennomførte.
Oversikt vegprosjekt som no manglar finansiering
Prosjekt i Vestland som tidlegare har hatt plass i økonomiplanar eller transportplanar, men som ikkje lenger har finansiering:
- Fv. 548 Skånevik–Flesjo–Nesvågen, Etne kommune
- Fv. 61 Naveosen–Brubakken, Stad kommune
- Fv. 541 Grimstveit–Krossleitet (Tjernagelvegen), Sveio kommune
- Fv. 560 Hammarsland–Eide, Øygarden kommune
- Fv. 49 Egne hjem, Ullensvang kommune
- Fv. 5704 Brandsøyvegen, Kinn kommune
- Fv. 271 Sjukehusvegen, Lærdal kommune
- Fv. 57 Strandanes–Holmeli, Fjaler kommune
- Fv. 611 Sæle–Engebø, Sunnfjord kommune
- Fv. 55 Høyheimsvik–Nes, Luster kommune
- Fv. 570 Risnes bru, Masfjorden kommune
- Fv. 57 Storehaug–Perhaugen, Sunnfjord kommune
Eitt av dei er Skånevikvegen.
Prosjektet er ferdig regulert og var klart til å leggjast ut på anbod.
– Når det då no blir stoppa då blir vi litt frustrerte, mildt sagt, seier ordførar i Etne kommune, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp).
Ho meiner fordelingane i fylket er skeive.
– Eg ser at dei store prosjekta blir berre større og større. Dei eser ut og det verkar ikkje som det har vore kontroll i utgangspunktet når dei har blitt vedtekne, seier Ekrheim.
Ordførar i Etne kommune, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) er frustrert over at vegutbetringa i Skånevik kan bli sett på vent.
Tilrår å skrota milliardbru
Fylkesdirektør Robert Rastad anbefalte før helga politikarane å droppa Atløysambandet.
Atløysambandet er eit stort bruprosjekt til nesten 2 milliardar kroner, som skal erstatta dagens ferjesamband med tre nye bruer.
Det vil knyta dei 450 innbyggjarane til fastlandet i Askvoll kommune.
Men den kraftige prisauken gjer at fylkesdirektøren no rår til å avlysa heile anbodskonkurransen.
– Eg har ingenting imot prosjektet, men eg har ei stor uro for fylkeskommunen sin økonomi, og som vil leggja store føringar på både drift og på investeringsevna vår framover, seier Rastad.
Vestland fylkeskommune viser til at den økonomiske utfordringa ikkje er ny, og kan ikkje tilskrivast Atløysambandet åleine.
Fylkesdirektør Robert Rastad i Vestland Fylkeskommune anbefalte før helga politikarane å droppa Atløysambandet.
Vakna på rett planet?
Askvoll-ordførar Ole André Klausen (H) reagerte på forslaget til fylkesdirektøren.
– Eg byrjar å lure på om eg har vakna på rett planet i dag. Det er heilt ubegripeleg i forhold til kor vi er akkurat no. Så eg stiller meg totalt avvisande til ein sånn påstand, svara Klausen.
Ordføraren meiner det er feil å setja dei to prosjekta opp mot kvarandre, fordi ein stor del av pengane til Atløysambandet kjem frå staten.
Innbyggjarane på Atløy meiner både næringsliv og beredskap er avhengig av å få bru.
Sør i fylket er det andre meiningar.
– Vi har ikkje noko alternativ bortsett frå denne vegen. Dei har trass alt ei ferje dei kan ta. Det er ikkje veldig greitt å setja det eine prosjektet opp mot det andre, men fylkespolitikarane må prioritera, seier ordførar Ekrheim i Etne.
Les reaksjonane frå andre vegar som er sette på vent:
Etterslep på rundt 20 milliardar kroner
Ragnvald Larsen har jobba som bakar i Skånevik sentrum i over 50 år, og har venta i årevis på ny veg.
– Det er tragisk at det skal gå utover ein masse andre samband som blir skjøve fram i tid. Skånevik blir jo nedprioritert, rett og slett. Gong på gong, seier han.
Ragnvald Larsen har venta på den nye vegen i mange år.
Vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane i Vestland tilsvarar rundt 20 milliardar kroner, og er det største i landet.
Fylkestinget i Vestland skal ta stilling til fylkesdirektøre sitt forslaget om å droppa Atløysambandet tysdag 16. juni.