Herold

Fotball-VM 2026 med rekordstore utslepp på grunn av mange flyreiser

Kilde: NRK Author: Anne Rognerud Published: 2026-06-12 06:08:00
VM er ein miljøversting – Fifa svarer med å be folk sykle

Fotball-VM 2026 blir det mest forureinande nokosinne. Fans og lag «blir tvinga» ut på fleire lange flyreiser, mens Fifa oppfordrar fleire til å ta beina fatt.

Hovudårsaka til denne enorme mengda utslepp er flytransport.

Det seier den engelske miljøforkjemparen Freddie Daley til NRK. Han er ein av tre forskarar som har skrive rapporten «FIFAs klimablindsone». Dei slår fast at utsleppa frå årets fotball-VM i USA, Canada og Mexico er nesten dobbelt så store som tidlegare meisterskap.

Totalt vil det sleppast ut heile ni millionar tonn CO₂ – noko som svarer til 20 prosent av Noregs totale utslepp i løpet av eit heilt år.

VM-byane er spreidde utover kontinentet. Det krev mange flyreiser.

– Nesten åtte millionar tonn av dei totale ni millionane kjem frå flytransport. Dette gjeld både transport av fans, men også av lag, forklarer Daley, som også er lidenskapeleg fotballtilhengar og heiar på Portsmouth og ikkje minst England no under VM.

Freddie Daley jobbar for Cooldown, eit nettverk som jobbar for ein meir klimavennleg idrett. Han er også tilknytt universitetet i Sussex.

Grafikk: Freddie Daley / Freddie Daley

Men no er han klar på at Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har late VM vekse seg for stort.

Skal sjå alle Noregs kampar

Det er det mange som får merke. To av dei som skal sette seg på flyet til USA er Torstein Hamran og Ole Frøystad. Dei er med i Oljeberget, supporterklubben bak det norske landslaget. Dette har dei venta på i 28 år.

– Det er ein draum som går i oppfylling. Eg har venta sidan eg var liten gut. Eg gler meg enormt mykje, seier Ole Frøystad.

Ole Føystad (t.v) og Torstein Hamran er norske fans. Hamran er styremedlem i supporterklubben Oljeberget.

– Eg skal sjå alle Noreg sine kampar. Så er det berre å håpe at dei kjem langt, seier Hamran.

Men det er krevjande å planlegge logistikken når ein er blodfan.

For kjem Noreg langt, vil det innebere mange og lange flyreiser for norske fotballtilhengarar. Hamran teiknar på eit kart over Nord-Amerika og forklarer. Han har sett seg nøye inn i dei ulike scenarioa ut frå kva plass Noreg hamnar på i gruppa.

– Skamma høyrer heime hos Fifa

Dersom Noreg skulle vinne gruppa, blir det «berre» reising mellom byar på nord-austkysten før ein eventuell semifinale i Dallas, sør i USA.

Men om dei blir nummer to eller tre i gruppa er det annleis. Hamran teiknar lange strekar på kryss og tvers over heile det nord-amerikanske kontinentet som viser kor langt dei eventuelt må reise for å følge Noreg vidare.

Sjølv om dei gler seg enormt til å følge Noreg under VM, er det med ein liten bismak.

– Det er kjedeleg at fotball må føre til større klimautslepp, seier Hamran.

Forskaren er tydeleg på at fansen ikkje skal kjenne klimaskam når dei flyg til VM.

Det skal ikkje vere ansvaret til fotballfansen. Det er ikkje byrda deira. Det er hos Fifa skulda og skamma høyrer heime, seier Freddie Daley*.*

Oppfordrar til gange og sykling

Det internasjonale fotballforbundet har bestemt at VM skal utvidast frå 32 til 48 lag frå og med meisterskapen i år. Det betyr 104 kampar mot 64 tidlegare. Avstandane mellom VM-arenaene i USA, Canada og Mexico er enorme.

Sjølv om det ikkje er bygd nokon nye arenaer til VM i år, blir det altså likevel sleppt ut ni millionar tonn CO₂. Ifølge rapporten var utsleppet frå meisterskapa mellom 2010 og 2022 i snitt på 4,7 millionar tonn CO₂. I år blir det nesten dobbelt så mykje.

Ni millionar tonn med klimagassar er nok til å smelte bort 27 kvadratkilometer av sommarisen i Arktis. Det svarer til arealet av 3800 fotballbanar.

NRK har sendt ei rekke spørsmål til Fifa og blant anna spurt kva dei meiner om funna i rapporten. Dei kommenterer ikkje tala direkte, men peikar på fleire lokale klimatiltak under VM.

Organisasjonen skriv blant anna at Fifa krev at alle arenaene har sertifisering for berekraftig drift og vedlikehald. Og så har dei ei oppfordring til publikum:

– Under arrangementet vil Fifa fremje offentleg transport, gange og sykling, i samarbeid med vertsbyane og offentlege myndigheiter.

Boston Stadium der Noreg skal spele to av gruppespelkampane sine. Fifa seier dei stiller krav om berekraft til alle VM-arenaene.

Fifa skriv også til NRK at utvidinga av talet på lag til 48 i VM først og fremst er sportsleg grunngitt.

I klimastrategien til Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) står det at dei har mål om å vere klimanøytrale, altså ha null utslepp, innan 2040. Dei svarer ikkje NRK på spørsmål om korleis utsleppa frå årets VM samsvarer med strategien deira.

– Skremmande høgt tal

Morten Thorsby er fotballspelar på det norske landslaget og jobbar for ein grønare planet gjennom si eiga stifting We Play Green. Han synest ni millionar tonn CO₂ er eit skremmande høgt tal.

NRK møter ein engasjert miljøforkjempar i Milano. Morten Thorsby speler til dagleg i den italienske klubben Cremonese

– Hadde rapportane også tatt med alle dei andre naturkostnadene, ville vi blitt enda meir skremte. VM er ei massiv belastning på naturen, det vil seie at han reduserer evna naturen har til å produsere maten vi et, vatnet vi drikk og lufta vi pustar, seier han.

Thorsby er opptatt av at det må koste pengar å øydelegge naturen.

Om vi hadde betalt den rette prisen for dette, så hadde sannsynlegvis Fifa tenkt seg litt om og sett at oi, kanskje dette blir for dyrt å arrangere VM på den måten, seier han til NRK

Morten Thorsby speler med drakt nummer 2 som symbol på dei 1,5 gradene til Paris-avtalen sitt mål, altså å avgrense klodens temperaturstigninga til under to grader celsius.

Klimaforkjemparen og forskaren Daley er tydeleg på at Fifa er nøydde til å ta nokre vanskelege avgjerder.

– Dei må vurdere å redusere talet på lag frå 48 til 32. Det vil ha ein uvilkårleg effekt på utsleppsintensiteten til turneringa, slår han fast.

Daley er smerteleg klar over at fotballen då vil miste noko.

– Som fotballfan gjer det vondt, fordi det fantastiske med VM er at ein får sjå lag og land som aldri har vore der før, konkurrere på toppnivå, og dei får skrive si eiga historie seier Daley.

– I lys av klimakrisa og behovet for å redusere utslepp, står fotballen overfor nokre veldig, veldig vanskelege val. Men eg vil understreke at det er avgjerder som må takast, seier forskaren.

Dette er spørsmåla frå NRK til Fifa og svaret dei sende

Spørsmål frå NRK til Fifa:

Rapporten slår fast at VM i fotball i 2026 vil vere ansvarleg for minst 9 millionar tonn CO2-ekvivalentar, noko som gjer det til det mest forureinande nokosinne. Kva er Fifa sitt syn på desse funna?

Ifølgje rapporten er utvidinga av turneringa frå 32 til 48 lag, kombinert med dei store avstandane mellom vertsbyane, noko som resulterer i ein betydeleg auke i flytrafikk, dei viktigaste årsakene til desse høge utsleppa. Korleis rettferdiggjer Fifa utvidinga av turneringa og valet av Nord-Amerika som arrangør, med desse miljøkonsekvensane?

Fifa sin klimastrategi er å kutte klimagassutslepp og nå netto null innan 2040. Korleis samsvarer dei anslåtte utsleppa for VM i 2026 med desse forpliktingane?

I eit intervju med NRK uttaler ein av forfattarane bak rapporten, Freddie Daley, at Fifa «må revurdere utvidinga av turneringa frå 48 lag tilbake til 32. Dette vil ha ein umiddelbar innverknad på utsleppsintensiteten i turneringa.» Er det å redusere talet på lag noko Fifa vil vurdere for framtidige VM?

Fifa sitt svar:

«Fifa erkjenner at klimapåverknaden må takast på alvor og ønskjer undersøkingar velkomne. Men det blir iverksett ei rekkje miljøtiltak knytt til turneringa av Fifa og vertsbyane før, under og etter turneringa.

VM i 2026 vil bli arrangert i vertsbyane med eksisterande stadioninfrastruktur, noko som vil redusere behovet for nybygg og utslepp knytt til dette monaleg. Meir generelt er Fifa forplikta til å integrere berekraft i gjennomføringa av turneringa, rettleidd av ein omfattande strategi for berekraft og menneskerettar som fokuserer på å handtere utslepp, forbetre ressurseffektiviteten og skape ein positiv arv for alle dei lokale arrangørane.»

Som ein del av denne tilnærminga krev Fifa at alle stadionar oppnår berekraftig bygningssertifisering for drift og vedlikehald. Under arrangementet vil Fifa fremje offentleg transport, gange og sykling, i samarbeid med vertsbyane og offentlege styresmakter. Innsatsen blir òg retta mot å redusere driftsavhengigheita av dieselgeneratorar ved å utnytte nettsamband og batteribaserte mellombelse straumløysingar, saman med initiativ for å auke resirkulering og redusere matsvinn på viktige stader. Parallelt støttar Fifa arbeid som tek sikte på å plante éin million tre gjennom skogplanting og samfunnsbaserte prosjekt over heile Nord-Amerika, inkludert alle 16 vertsbyane, for å utvide grøntområde, forbetre biologisk mangfald, støtte dyreliv, styrkje økosystem og bidra til å etterfylle grunnvatnet.

Planlegging av kampar er òg gjort ut frå klimatiske omsyn. Kampkalenderen balanserer sportslege, operative og kringkastingskrav med reiseavstandar, talet på kviledagar og lokale klimaprofilar og infrastruktur ved arenaene. Utandørskampar på dei varmaste tidene av dagen har blitt strategisk avgrensa, tidspunkt for avspark er justert i visse byar, og kampar som er forventa på varmare tidspunkt er prioriterte på stadion med overbygg og klimaanlegg der det er mogleg.

Av omsyn til helsa til spelarane, vil alle 104 kampane i VM innehalde tre minutts drikkepausar midtveges i kvar omgang, uavhengig av vêrforhold. I tillegg kan laga gjere opptil fem byter, eit ekstra byte i ekstraomgangar og eit byte ved hovudskade, og dei vil dra nytte av minst tre kviledagar mellom kampane. Det vil vere klimakontrollerte benkar for teknisk stab og innbytarar på alle utandørskampar. Ytterlegare tiltak skreddarsydde for behova til kvart einskilt lag vil bli iverksette på kampdagen, inkludert vatn og elektrolyttdrikkar, is, kalde handkle, vifter, dogg og skugge.

Fifa samarbeider med ein brei, global portefølje av partnarar, som alle er underlagde deira styrings- og samsvarsrammeverk. Fifa vil reinvestere nesten 90 prosent av dei anslåtte inntektene på 14 milliardar dollar for perioden 2027–2030 tilbake i den globale fotballen, mellom anna gjennom Fifa Forward-programmet og målretta utviklingsinitiativ som støttar deltaking, infrastruktur, sosiale program og framleis vekst av kvinnefotball over heile verda. Dette rekordnivået av reinvestering bidreg til å sikre at fotball kan organiserast og utviklast i meir enn 100 land der det elles ikkje ville vore mogleg – støtta av kommersielle partnarskap, inkludert dei med globale partnarar som Aramco. For meir informasjon om Aramco si tilnærming til berekraft, ber vi deg besøkje nettstaden deira.

Vidare, angåande utvidinga med 48 lag, ver merksam på at det fyrst og fremst er ei sportsleg avgjerd.

🏷️ Extracted Entities (30)

Boston Stadium der Noreg (organization) Fifa Er (person) Freddie Daley (person) CO₂ (entity) Torstein Hamran (person) USA (entity) Fotball 📁 (category) Fotball-VM 2026 📁 (category) Klima og miljø 📁 (category) Morten Thorsby (person) Nord-Amerika (entity) Aramco (entity) Canada (entity) Mexico (entity) Ole Frøystad (person) Oljeberget (entity) Arktis (entity) CO2 (entity) Cooldown (entity) Cremonese (entity) Dallas (place) England (place) FIFAs klimablindsone (entity) Forward (entity) Milano (entity) Ole Føystad (person) Paris (place) Portsmouth (entity) Sussex (entity) We Play Green (person)

📊 Metadata

Category: Fotball-VM 2026, Klima og miljø, Fotball
OpenGraph Title: Fotball-VM 2026 med rekordstore utslepp på grunn av mange flyreiser
Twitter Title: Fotball-VM 2026 med rekordstore utslepp på grunn av mange flyreiser