I denne alderen opplever unge at ting blir meir vanskeleg
Â
â Det er andre forventningar. PĂ„ barneskulen kunne du gjere litt meir som du ville. Her mĂ„ du oppfĂžre deg annleis. Du kan ikkje tulle og prate like mykje i timane, for dĂ„ gĂ„r det utover orden og oppfĂžrsel.
Det seier Nassori Mohammed Ahmed Mohammed Yahya. Han gÄr i 8. klasse ved Blussuvoll ungdomsskule i Trondheim.
Det er snart eitt Är sidan han starta pÄ ein heilt ny skule.
Og no viser ein ny studie frÄ Australia at overgangen frÄ barneskule til ungdomsskule kan vere tÞffare enn venta.
Og at dei negative konsekvensane kan vare i meir enn to Är etter ein har bytt skole.
Mindre lykkeleg
I den nye australske studien, fÞlgde forskarane to ulike kull med elevar, som begge starta pÄ ungdomsskulen i 2022. Det eine kullet bytte skule i 7. klasse, mens det andre bytte i 8. klasse.
Resultata viste at trivselen sokk pÄ mange ulike omrÄde. Dette inkluderte blant anna lykkekjensle, optimisme, engasjement og tilfredsheit i livet.
Elevane opplevde ogsÄ auka bekymring, ifÞlge forskarane.
â Altfor ofte blir mistrivsel i dei tidlege tenĂ„ra avvist som ein del av den normale utviklinga. Forskinga vĂ„r tyder pĂ„ at sjĂžlve overgangen er ei viktig Ă„rsak til dette.
Det seier doktorgradsstipendiat Mason Zhou i ei pressemelding.
Avgrensingar ved studien
SpÞrjeundersÞkinga blei berre gjennomfÞrt éin gong per skuleÄr, noko som gjer at kortsiktige svingingar i trivsel og velvÊre kanskje ikkje er fanga opp.
Resultata baserer seg pÄ spÞrjeskjema som elevane sjÞlv har fylt ut, og slike data kan bli pÄverka av forbigÄande humÞr eller eit Þnske om Ä verke pÄ ein sosialt akseptert mÄte.
Dataa er i all hovudsak henta frÄ offentlege skular i éin enkelt australsk delstat (South Australia). Det blir derfor Ätvara mot Ä ukritisk overfÞre funna til private skular eller heilt andre omrÄde.
Den undersÞkte skuleovergangen skjedde i 2022, berre to Är etter koronapandemien. Det er ukjent om seinverknader frÄ pandemien kan ha pÄverka deltakarane.
â Litt glĂžymt
Det er bra at vi fÄr slike studiar og tal fram, for overgangen til ungdomssteget treng meir merksemd. SÊrleg i Noreg er denne litt glÞymd.
Det seier Gro Marte Strand til NRK. Ho er fÞrsteamanuensis ved Institutt for lÊrarutdanning pÄ NTNU.
â Elevane har behov for meir stĂžtte i denne overgangen enn det kanskje har vore tradisjon for Ă„ gi, og dermed har vi ogsĂ„ behov for meir kunnskap om kva og korleis.
Ho seier studiane som er gjennomfĂžrte i Noreg, ikkje gir eit like dystert bilde som den australske.
â Majoriteten av elevane opplever overgangen i hovudsak som positiv, og at han kan motivere bĂ„de fagleg og sosialt. Samtidig er det dessverre sĂ„nn at nokre elevar ogsĂ„ strevar, og nokon strevar mykje, seier Strand.
Gro Marte Strand har sjÞlv forska pÄ same tematikk i Noreg. Ho meiner dette er noko som bÞr takast betre tak i.
Elevar kjem med rÄd
Forskaren ved NTNU legg vekt pÄ at slike overgangar er noko vi skal ha, og at dei ofte har mykje positivt ved seg. Men at det trengst betre system.
Ho har sjÞlv snakka med elevar i samband med skuleskifte, og ho seier det er viktig Ä lytte til kva dei har Ä seie. Dei kjem nemleg med gode rÄd:
- Dette seier dei til elevar pÄ barneskulen som skal starte pÄ ungdomsskulen: «Det er ikkje sÄ vanskeleg som du trur det er.»
- Og til lÊrarar pÄ barneskulen seier dei fÞlgande: «Ikkje sei til elevane at ungdomsskulen er sÄ mykje verre enn den eigentleg er.»
â Dette er viktige rĂ„d. Vi veit at dersom elevane gruer seg, sĂ„ kan det forsterke at denne overgangen blir vanskelegare. Elevar som gler seg er meir rusta til Ă„ fĂ„ ein god start pĂ„ ungdomsskulen, seier Strand.
PrĂžver, karakterar og nye folk
Ved Blussuvoll ungdomsskule i Trondheim er det snart sommarferie. Elevane hugsar godt korleis det var Ă„ starte i 8. klasse.
â Det var masse nye folk. Vi er 200 stykke pĂ„ trinnet, sĂ„ det var mange Ă„ mĂžte, seier Jonas Huseby.
â DĂ„ eg gjekk i sjuande, sĂ„ trudde eg det skulle bli veldig mange prĂžver pĂ„ ungdomsskulen. Kanskje kvar veke, men sĂ„nn er det ikkje. Det er nokre fleire prĂžver pĂ„ slutten av Ă„ret, seier Celine Andersen.
Ho trur det blir endÄ betre Ä starte i niandeklasse til hausten.
â Det blir meir press pĂ„ Ă„ fĂ„ betre karakterar, men ein kjenner seg ikkje sĂ„ liten lenger.
Celine Andersen, Mabel Leangen, Jonas Huseby og Nassori Mohammed Ahmed Mohammed Yahya gÄr alle i 8. klasse ved Blussuvoll ungdomsskule.